Historie

PHS ca.1960Politihøgskolen er den sentrale utdannings-institusjonen for politi- og lensmannsetaten. Skolen feira 75-årsjubileum i 1995, men sjølve etaten har ei mykje lengre historie. Lensmannsetaten har anar tilbake til mellomalderen; for politiet kan vi følgje historia tilbake til midt på 1700-talet. Den første organiserte opplæringa kom i gang i Kristiania i 1889.
 
Statens Politiskole vart grunnlagd i 1920. I førstninga heldt skolen til ulike stader i Oslo før han i 1946 vart flytta til Gardekasernen i Slemdalsveien 5, Oslo, der han ligg i dag. For å møte auken i elevtalet, og for å skaffe nødvendige spesialrom for meir og betre yrkesretta utdanning, vart det etter kvart behov for å utvide lokalitetane. Eit nytt tilbygg vart teke i bruk hausten 1979 (byggjetrinn II).
 
I politiske dokument om høgare utdanning for yrke som blir karakteriserte som ”krevjande”, er det lagt til grunn at utdanninga er på høgskolenivå. Politiyrket er eit slikt yrke. I 1990 vart det sett ned ei prosjektgruppe som utarbeidde planar for overgang frå ein etatskole som Politiskolen var, til ein høgskole for politiutdanning. Studieplanen for grunnutdanninga vart fastsett av Justisdepartementet 26. mars 1992, og det første kullet med studentar byrja den 3-årige høgskoleutdanninga si ved Politihøgskolen same hausten. Det siste kullet frå Politiskolen vart uteksaminert våren 1993, og ein epoke i historia til skolen var over.
 
Overgang til høgskole, større studentkull og krav om auka etter- og vidareutdanning førte til behov for ytterlegare utviding av bygningane til Politihøgskolen. Eit nybygg i tilknyting til den eksisterande bygningsmassen vart ført opp og teke i bruk hausten 1996 (byggjetrinn III). I dette bygget er det mellom anna auditorium med plass til 200 personar, bibliotek, storklasserom og grupperom.
 
I tillegg til skolen i Oslo har Politihøgskolen ei avdeling i Bodø. Denne avdelinga vart etablert i 1997 og tilbyr tilsvarande grunnutdanning som i Oslo. Politihøgskolen disponerer også utdanningssenter i Stavern og på Kongsvinger, der meir politioperative delar av utdanninga går føre seg.