Grensekommisariatet
Noregs grensekommissær for den norsk-russiske grensa (Grensekommissæren) har som hovudoppgåve å føre tilsyn med at begge partane held Grenseavtalen og andre avtalar som regulerer grensetilhøva mellom Noreg og Russland.
Grensekommissariatet er underlagt Justis- og politidepartementet og leiast av Politidirektoratet. Grensekommissærstillinga er sivil, men den har hittil vore fylt av ein yrkesoffiser frå Forsvaret. Hovudoppgåva er å passe på at partane held Grenseavtalen og dei andre avtalane som seinare er inngått mellom partane.
Til å hjelpe seg i det daglege arbeidet har grensekommissæren ein stab på fire personar: ein grenseinspektør, ein grensebetjent, ein tolk og ein førstekonsulent/administrasjonsansvarleg. Kontora ligg i Kirkenes sentrum. På Storskog, som er den einaste passeringsstaden for landevegstrafikk mellom Noreg og Russland, har kommissæren eit konferansehus som mellom anna vert brukt i samband med møte med russiske grensestyresmakter på norsk side. Les meir på www.grensekom.no
Sist oppdatert:
21.04.2009