Politiets sikkerhetstjeneste
PST er den nasjonale sikkerheitstenesta, og den er direkte underlagt Justis- og politidepartementet. PST førebyggjer og etterforskar lovbrot som trugar sikkerheita og sjølvstenda til nasjonen. Kjerneverksemda er arbeid innanfor kontraterror, kontraetterretning, ikkje-spreiing av masseøydeleggingsvåpen og kontraekstremisme. Oppgåvene vert primært løyste ved å samle inn, tilverke og analysere informasjon. PST legg òg fram trusselvurderingar og utfører livvaktteneste for regjeringa.
PST er ei fleirfagleg teneste med eit spanande og stimulerande arbeidsmiljø. Arbeidsstokken består av medarbeidarar med svært variert yrkes- og utdanningsbakgrunn.
Utanom politipersonell tilset dei juristar, statsvitarar, filologar, ingeniørar, sosiologar, sosialantropologar, økonomar med meir. PST er særleg interessert i kandidatar med språk- og kulturkunnskapar i tillegg til den faglege utdanninga.
Les meir om Politiets sikkerheitsteneste på www.pst.politiet.no.
Sist oppdatert:
21.04.2009