Politihøgskolen
Politihøgskulen (PHS) er den sentrale utdanningsinstitusjonen for politi- og lensmannsetaten, med eit eige styre som øvste organ.
Politihøgskulen høyrer inn under Politidirektoratet og har til oppgåve å gi grunnutdanning for teneste i politi- og lensmannsetaten og etter- og vidareutdanning til dei tilsette i etaten. Politihøgskulen driv forskings- og utviklingsarbeid og fagleg formidling innanfor fagområda sine.
PHS har til saman rundt 250 tilsette, fordelt på Oslo, Bodø, Kongsvinger og Stavern. Talet på tilsette har dei siste åra stige i takt med det aukande opptaket av studentar til skulen.
Skulen er ein veldig populær arbeidsstad for polititenestepersonar som ønskjer å «kome heim» i ein lengre eller kortare periode. PHS treng personar med politiutdanning både som lærarar og som kursinstruktørar.
Dei fleste kursinstruktørane jobbar ved Politihøgskulen sine avdelingar på Kongsvinger og i Stavern i periodar.
Sist oppdatert:
21.04.2009