Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Hovedmeny

Hopp direkte til Søk

Utrykningspolitiet

Sivil politibil. Foto: Utrykningspolitiet

Utrykkingspolitiet (UP) er eit sentralt politiorgan som har til hovudoppgåve å førebyggje lovbrot i trafikken og redusere ulukker. UP utfører polititeneste i alle politidistrikta i landet.

Dei prioriterte oppgåvene for UP er: fartskontroll, kontroll av ruspåverka førarar, kontroll av verneutstyr, demping av aggressiv køyreåtferd, kontroll av tyngre køyretøy, kontroll med transport av farleg gods, generell innsats mot kriminalitet, støtte og vernebuing. UP brukar uniformerte og sivile bilar og motorsyklar i kontrollverksemda.

Blålys. Foto: Utrykningspolitiet
Til kontrollverksemda har UP 40 fast tilsette ved hovudkontoret i Stavern og ca. 300 tenestemenn og -kvinner ute i distrikta over heile landet. Mannskapa i UP er innkommanderte for ein viss tidsperiode.

Sist oppdatert: 21.04.2009