Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Hovedmeny

Hopp direkte til Søk

PHS-studenter. Foto: Fotograf Sturlasson

Om PHS

"Politihøgskolen – kunnskap for et tryggere samfunn"

Politihøgskolen er den sentrale utdanningsinstitusjonen for politi- og lensmannsetaten, med eit eige styre som øvste organ.

Politihøgskolen høyrer inn under Politidirektoratet og har til oppgåve å gi grunnutdanning for teneste i politi- og lensmannsetaten og etter- og vidareutdanning til dei tilsette i etaten.

Politihøgskolen driv forskings- og utviklingsarbeid og fagleg formidling innanfor fagområda sine.

Målet for Politihøgskolen er å utdanne sjølvstendige og reflekterte polititenestemenn og  kvinner, og som politi er det naudsynt å ha eit medvite forhold til eigne haldningar og til eigne val i det daglege arbeidet.

Politihøgskolen har fire studiestader. Politihøgskolen i Oslo ligg i Slemdalsveien 5 på Majorstua, og Politihøgskolen, avdeling Bodø, er plassert om lag 8 km frå Bodø sentrum. I tillegg er det no studentar på Politihøgskolen sine to kurs- og øvingssenter på Kongsvinger og i Stavern.

Sist oppdatert: 07.05.2012