Bodø
Se bilder av...
Politihøgskolen avdeling Bodø er ein liten høgskule, med 240 studentar og 29 tilsette. Studentmiljøet vert framheva som svært godt. Det er lite og oversiktleg, og alle kjenner alle.
Studentane framhevar òg moglegheitene for å få hjelp og oppfølging av lærarar og administrasjon som eit av dei største fortrinna ved avdelinga.
Klasserom og auditorium er lyse og trivelege, og skulen har god tilgang på grupperom.
Ein del undervisning går føre seg i spesialrom, som datarom, øvingsleilegheit, kriminalteknisk undervisningsrom og øvingssimulator. Trådlaust nettverk er installert.
Skulen har god kommunikasjon til sentrum.
Politistudentane arrangerer sosiale tilstellingar og aktivitetar på skulen, og er aktive i studentmiljøet knytt til Høgskolen i Bodø, som har om lag 4000 studentar.
Studentane ved avdelinga er medlemmer av studentsamskipnaden i Bodø, SSiB. Studentsamskipnaden gir tilbod om studentbustader. I tillegg til studentsamskipnadens tilbod er det mange private utleigarar i Mørkved-området. Studentsamskipnaden driv òg kantiner, barnehagar og rådgivingsteneste, og leiger ut hytter, båtar og diverse utstyr. www.ssib.no
Studentersamfunnet i Bodø tek i vare og koordinerar studentane sine felles sosiale interesser. Samfunnet i Bodø har eit eige studenthus som rommar ei rekkje aktivitetar. Her finn du mellom anna studentkontor, møterom, pub og konsertlokale. Studentlag og foreiningar gir fritidstilbod innanfor alle kategoriar.
www.samfunnet.hibo.no
Avdelinga har eige treningsstudio og eigen AT-sal – begge i lyse og trivelege lokale. Rett ved Politihøgskolen ligg dessutan idrettsanlegget i Mørkvedlia. Anlegget har mellom anna grasbane med løpebaner for friidrett, kunstgrasbane og grusbane for fotball, to idrettshallar samt symjehall og treningssenter. Anlegget blir rekna som eit av dei to-tre største og best utstyrte i landet.
Eit eige politiidrettslag satsar på allsidigheit med aktive utøvarar i mange idrettsgreiner. Laget arrangerer òg sosiale friluftsaktivitetar i form av fjellturar, fotballturneringar, løpe- og skitrening, med meir.
Utanfor bustadområda som omgir høgskulen, lokkar det eit fantastisk turterreng med mellom anna turstigar, lysløyper, elvepark, slalåmbakkar, hoppbakkar og fiskevatn.
Viss du likar å gå i fjellet, er fjellheimen i Bodø-området eit fantastisk utgangspunkt. Turistforeininga har eit godt utbygd rutenett, med hytter som er opne for alle, anten du skal jakte, fiske, klatre i fjellveggen eller opp på tindane, eller rett og slett nyte livet i fjellet. www.bot.no
Om lag 15 mil sør for Bodø finn du Svartisen, som dekkjer eit område på 375 km2 og såleis er den største isbreen på Nordkalotten og den nest største i Noreg. www.svartisen.com. Rett utanfor Bodø ligg den sterkaste malstraumen i verda, nemleg Saltstraumen, som er eit eldorado for fiskarar og dykkarar. Mjelle er kanskje den vakraste naturperla i Bodø kommune. På dagar med klårt vêr er synet av Lofotveggen, Landegode, havet, dei raude sandstrendene og dei nakne, mørke fjella i Mjellevika nok til å ta pusten frå kven som helst.
Bodø har eit rikt kulturliv og pulserande uteliv med pubar, restaurantar, kafear og kino. Kulturhuset byr på teater, revyframsyningar og konserttilbod i tallause former og smaksvariantar. www.bodo-kulturhus.no
I Bodø Spektrum finn du mellom anna Nordlandsbadet – eit nytt og moderne badeland – og Nordlandshallen, som har ei innandørs fotballbane med internasjonale mål.
Sist publisert: 10.03.2009