Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Hovedmeny

Hopp direkte til Søk

Kongsvinger

Sæter Gård

Se flere bilder av...
Sæter Gård

Frå og med hausten 2009 vil Politihøgskolen sitt utdanningssenter på Kongsvinger ta imot opp til 150 førsteårsstudentar. Dette er naudsynt for å kunne auke det samla studenttalet ved PHS. Studentane vil vere på Kongsvinger det første året, og ta det siste og avsluttande året i Oslo.

På Kongsvinger finn du eit lite og oversiktleg studiemiljø. Her er planen at alle skal kjenne kvarandre, og at det skal vere gode høve til å få hjelp og oppfølging frå lærarar og administrasjon.

Ettersom senteret på Kongsvinger opphavleg er heimstaden for ein stor del av politiet si operative etter- og vidareutdanning, vil førsteårsstudentane som kjem hit, ha nær kontakt med alle deler av politiet si operative trening. Her vil du allereie frå første stund føle deg som ein del av politietaten!

Nye lokale for studentane på Kongsvinger ble ferdige i august 2009. Studentane vil med andre ord kunne ta i bruk heilt nye rom. I januar 2009 opna dessutan eit nytt bibliotek i Kongsvinger sentrum, som alle politistudentane kan bruke som læringsarena.

Kongsvinger har nærmast uavgrensa moglegheiter når det gjeld trening og friluftsliv. Her kan du drive med golf, sykkel, kampsport, fotball, handball, skyting osv. Senteret har eit rulleskianlegg som blir brukt til skiløyper om vinteren. Kongsvingerhallen og symjeanlegget i byen ligg rett i nærleiken av kvarandre og er opne for studentane. Dei nye skulebygningane vil dessutan ha gymnastikksal. Området har òg svært gode jakt- og fiskemoglegheiter.

Om PHS på Kongsvinger
Kongsvinger er handels- og regionsenter i Sør-Hedmark. Kommunen har om lag 17 400 innbyggjarar, og av desse bur rundt 12 000 i sjølve byen. Kongsvinger ligg sentralt til på Austlandet, med under éin time reisetid til Gardermoen og vel éin time til Oslo. Politihøgskolen sitt utdanningssenter på Kongsvinger ligg om lag 3 km nord for sentrum. Det er godt kollektivsamband både til Oslo og til Kongsvinger sentrum. Senteret var tidlegare ein jord- og skogbruksskule. No er garden eit moderne utdanningssenter, der PHS arrangerer politioperative kurs for studentar og politietaten. Senteret huser mykje av den tyngre operative treninga innanfor Politiet, og det vert òg brukt til trening av politihundar. Splitter nye klasserom, auditorier, gymnastikksalar og andre undervisningsfasilitetar er under oppføring. Alt skal stå ferdig til dei første studentane kjem i august 2009.


SIO
Som student blir du tilknyttet Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) så snart du har betalt semesteravgiften. SiO er en studentstyrt serviceorganisasjon med tilbud som skal gjøre ditt liv som student enklere.
 
Ved betalt semesteravgift kan du nyte godt av mer enn 7500 studenthybler og -leiligheter, Norges største studentbokhandel, treningsanlegg, kafeer og kaffebarer, studenthytter, helsetjeneste spesielt for studenter, gratis rådgivningstjeneste, gratis karriereveiledning og rimelige barnehageplasser.

I Kongsvinger har SiO et studenthus som ble bygget i 2009 for Politihøgskolestudentene. Bygget har 86 boenheter bestående av møblerte hybler hvor 5 deler hyggelig kjøkken/oppholdsrom og 2 bad, møblerte ett-roms leiligheter med eget kjøkken og bad, umøblerte to- og tre-roms leiligheter med eget kjøkken og bad (noen av disse er tilrettelagt for studenter med funksjonshemninger).

Les mer på www.sio.no


 

Kongsvinger

Kongsvinger

Areal: 1037 km2
Befolkning: 17 326 (per 1.jan.2009)

Web: http://www.kongsvinger.kommune.no
Wiki: http://no.wikipedia.org/wiki/Kongsvinger  

 

Sist oppdatert: 23.04.2009