Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Hovedmeny

Hopp direkte til Søk

Innhold i utdanningen

Masterstudiet er et deltidsstudium over tre år (seks semestre). Undervisninga er organisert i samlinger over to til tre dagar a 16 undervisningstimar. Studentane skal igjennom 6000 sider med pensum til saman, og av dette er ein stor del på engelsk.

Første andre og tredje semester

Dei tre første semestra bli innleia av modulane  vitskapsteori, forskingsmetode og forskingsetikk og ei  innføring i i politivitskap (begge modulaene er på 15 studiepoeng. )

I det andre og tredje semesteret skal studentane velje éin av tre fordjupingsmodular, kvar på 30 studiepoeng. Politihøgskolen tilbyr to modular: politiarbeid i lokalsamfunnet og organisert kriminalitet og terrorisme (3A og 3B). Den tredje modulen (3C) er sett saman av ”units” (mindre modular) frå politirelevante masterstudium som blir gitt ved universiteta i Leicester og Portsmouth. (Denne avtalen er under revisjon). Politihøgskolen vil, under forutsetning av godkjenning i styret  tilby en 30 stp. modul på tema "International policing". 

Deler av undervisninga i første, andre og tredje semester er obligatorisk. Undervisninga er samansett av forelesningar, seminar og gruppearbeid. Det er ein føresetnad at studentane tek aktivt del i læringsmiljøet ved at dei mellom anna trekkjer inn erfaringar frå praksisen sin og analyserer dette ved hjelp av relevant teori.

fjerde, femte og sjette semester

Den andre delen av studiet er i hovudsaka vigd til sjølvstendig arbeid innanfor det feltet studenten vel for masteroppgåva si. Kvar student får oppnemnt ein rettleiar og legg opp arbeidet saman med rettleiaren. Det blir gjennom året felles samlingar som tek opp aktuelle faglege og metodiske spørsmål. I samlingane vil studentane få drøfta det arbeidet dei gjer i samband med oppgåvene sine. Det andre studieåret skal også brukast til litteraturstudium.

Sist oppdatert: 10.02.2012