Hopp til innhold

Masterutdanninga presentert i nytt bokkapittel

Omslagsbilde: Springer
Praksisrettleiar og pob Aun H. Andresen har saman med studieleiar på master, Nina Jon, Politihøgskolen, skrive kapittelet: "Responding to needs of higher analytical competence in the police: Master programmes at the Norwegian Police University College".

Kapittelet er med i den nye og spennande antologien til C. Rogers & B. Frevel: "Higher education and police: An International view". Antologien diskuterer akademiseringa av politutdanninga, og korleis akademisering av profesjonsfag kan styrke kunnskapsgrunnlaget deira og dermed yrkesutøvinga.

Andresen og Jon presenterar masterutdanninga på Politihøgskolen og diskuterer korleis den svarar på behova for høgare analysekompetanse i politiet. Krav om kunnskapsbaserte politimetodar gjorde at ein trengde meir av denne typen kompetanse da master i politivitskap blei starta opp i 2006.

Etterforsking er eit felt med lang tradisjon og konstant utvikling av ny kunnskap basert på systematiske erfaringer og ulike vitskapar. Også her er det blitt stilt krav til høgre etterforskingskompetanse for å minimere sjansen for å gjere justisfeil, og Politihøgskolen fekk erfaringsbasert master i etterforsking på programmet i 2016.

Lån boka frå biblioteket

Kjøp e-boka frå Springer

Publisert: - Sist oppdatert: |