Hopp til innhold

Terrorisme og politisk vald i Noreg : seks hendingar i lys av to terrorismedefinisjonar

Biblioteket gratulerar Øystein Norstrand med bestått mastergrad i politivitenskap ved PHS.

Avhandlinga tek for seg terrorisme og politisk vald i Noreg i tidsrommet 1988 til 2011. Hovudtemaet er problematikken kring omgrepsforståinga av terrorisme og politisk vald, både i straffelova av 2005 og i forskingslitteratur kring desse samfunnsfenomena, særleg definisjonen av terrorisme til Tore Bjørgo og Daniel Heradstveit (1993, s. 30). Definisjonen i straffelova er ein juridisk definisjon, medan den andre er ein samfunnsvitskapleg definisjon.

Samfunnsfenomenet terrorisme blir diskutert som eit gråsonefenomen med ulike sektorar av former for politisk vald. Det er valt ut seks hendingar der ein drøftar i kva grad dei fell inn under terrorismedefinisjonen i straffelova av 2005 og definisjonen til Bjørgo og Heradstveit. Dette illustrerer at hendingane kan forståast ulikt når dei blir tolka i lys av ei juridisk forståing og ei samfunnsvitskapeleg forståing av samfunnsfenomenet terrorisme. Ein diskuterer også om hendingane som ikkje blir rekna som terrorisme, kjem inn under det breiare omgrepet politisk vald.

Eit forskingsspørsmål er korleis fenomenet terrorisme blir tolka i kapittel 18 i straffelova av 2005, som gjeld terrorhandlingar og terrorrelaterte handlingar. Det blir også peika på nokre faktorar som har vore med og påverka utforminga av definisjonen i straffelova av 2005. Dei seks hendingane som er valt ut er: sprengladningen mot Bandidos-hovudkvarteret (1997), brannen ved pelsdyrfôrprodusenten Jakob Tveit AS (2003), brannen i ein einebustad i Mathopen (1997), kapringa av eit Kato Airline-fly (2004), skota mot forlagsdirektør William Nygaard (1993) og eksplosjonen i regjeringskvartalet og massakren på Utøya 22. juli (2011).

Masteroppgåva kan lesas i fulltekst i PIA.

Publisert: - Sist oppdatert: |