Hopp til innhold

Accomodating trauma in police interviews - Patrick Risans avhandling tilgjengeleg i biblioteket

Bilde av forfattaren
PATRICK RISAN: med sin doktorgradsavhandling
Patrick Risan disputerte med sin doktorgradsavhandling ved UiB den 08. september. Nå er den tilgjengeleg i biblioteket, og deler av avhandlinga (kappa) ligger i PIA.

Avhandlinga består av tre kvalitative studiar som ser på avhør av traumatiserte personar, med vekt på korleis politiet tar vare på dei som blir avhørt, samtidig som dei får nødvendig informasjon. Utgangspunktet for avhandlinga er intervjuar av etterforskarar som avhørte overlevande frå Utøya i 2011.

Oppsummert er det viktig for politiet å forstå og å kunne tilpasse seg avhørtes følelsesmessige tilstand, for å ta best mulig vare på personen. Avhandlinga bidrar til forståelsen av dei underliggande prosessane som ligger til grunn når man avhører traumatiserte personar.

Finn og bestill avhandlinga i Oria!

Publisert: - Sist oppdatert: |