Hopp til innhold

Masteroppgåve om korleis etterforskarar oppfattar evaluering av etterforskning

Bilete av forfattaren
MASTERSTUDENT: Mads Skipanes
Mads Skipanes (Kripos) har levert si masteroppgåve i Politivitskap ved Politihøgskolen.

Avhandlinga er eit kvalitativ forskingsstudie som har undersøkt problemstillinga «Hvilke oppfatninger har etterforskere om evaluering av etterforskning?». Hensikta var å belyse kva oppfatningar etterforskarar har angåande evaluering av etterforsking med det formålet å auke kunnskapen innan området.

Etterforskingsarbeidet blir stadig meir profesjonalisert og utfordrande, og er ein av dei mest kompliserte og komplekse oppgåvene som politiet har. Kvalitet i etterforsking kan ikkje berre målast i oppklaringsprosent, men gjennom ein kombinasjon av fleire ting som brukarerfaringar, forsking og best praksis. Og høg kvalitet i etterforsking som er kunnskapsbasert gir ein betre praksis og ivaretaking av borgerane. 

Som følgje av etterforskingsløftet var eit av tiltaka ein form for evaluering av etterforskinga, og denne studien er eit bidrag til desse arbeidsprosessane ved å auke kunnskapen rundt kva oppfatningar etterforskarar har om evaluering av etterforsking. Skipanes har dybdeintervjua fem etterforskarar og funna han har gjort viser at utvalet har stor tiltru til evaluering og at dette kan bidra til auka kvalitet og personleg utvikling blant etterforskerane. Informantane meinte også at høgre kvalitet på etterforskinga vil ivareta rettssikkerheita, tillita og legitimiteten som politiet har i dag.

Les heile masteroppgåva i PIA.

Publisert: - Sist oppdatert: |