Hopp til innhold

Fagleg fridom for teoretikarar og praktikarar

Bilete av Morten Holmboe
FORFATTAR: Morten Holmboe. Foto: PHS
Morten Holmboe har skrive artikkelen "Fagleg fridom for teoretikarar og praktikarar" på førespurnad frå tidsskriftet Kritisk Juss.

Morten Holmboe har samanfatta rammene for fagleg-/akademisk fridom ved universitet og høgskular, og skriver om korleis omsynet til den faglege fridommen best kan bli ivaretatt innan det akademiske fellesskapet.

Fagleg fridom gjev forskarar rett til å forske fritt og gje uttrykk for sine faglege synspunkt. Denne retten er lovfesta i universitets- og høgskulelova.

Bakgrunnen for artikkelen er den såkalla Eikrem-saka, der forskar Øyvind Eikrem blei kalla inn til instituttleiinga på sitt universitet etter å ha uttalt seg til Resett.no om ein dobbeltdrapssak frå hausten 2018. Ytringa skapte også reaksjonar i personens fagmiljø.

Holmboe argumenterer for at ueinigheiter i eit fagmiljø kan skape debatt og bidra til kvalitet i faget. Fagmiljøet bør heller argumentere mot det dei er usamd i, og ikkje rapportere til instituttleiinga.

Les heile artikkelen i PIA.

Publisert: - Sist oppdatert: |