Hopp til innhold

I hvilken grad eksponering av informasjon i forkant av en øvelse påvirket studentenes maktbruk i øvelsesgjennomføringen

Bilde av forfattarene
FORFATTARENE: Joshua Phelps og Nils Morten Larsen
Nils Morten Larsen (høgskulelektor ved PHS), Joshua Phelps (fyrsteamanuensis ved PHS) og Alf Børre Kanten er ute med ein ny rapport.

I denne studia har vi undersøkt om eksponering av ein bestemt type informasjon kan påverke korleis politistudentar handlar i ein treningssituasjon. Fyrsteårsstudentar frå 2014, 2015 og 2016 frå Politihøgskolen (PHS) deltok i ei høgkonfliktsimuleringstrening der dei fekk erfare stress.

I forkant av studiet blei studentane fordelt i makkerpar og bedd om å lese éin av tre tekstar som beskreiv metodar for korleis ein kan handtere ein aggressiv person. Studentane blei også eksponert for ulike gradar av stress ved at deltakarane enten møtte ein aktiv eller ein passiv instruktør.

Hovudinteressa i studia var å finne ut om studentane brukte eller ikkje brukte nedlegging som prosedyre for å handtere ein mentalt sjuk (psykotisk) person (markør). Funna indikerte signifikante ulikheiter mellom tekstgruppene i talet på nedleggingar blant 2014 deltakarane (her blei berre to tekstar nytta), men ingen signifikante ulikheiter blant 2015- og 2016-kulla (her var alle dei tre tekstane inkludert i designet).

Les heile rapporten i PIA

Publisert: - Sist oppdatert: |