Hopp til innhold

Implementering av PSV i Oslo Politidistrikt

Bilete av forfattaren
MARIUS KVITHYLD: har fullført ein master i politivitskap.
Marius Kvithyld har studert innføringa av politiets styringsverktøy, PSV, i Oslo Politidistrikt, i si masteroppgåve «Implementering av PSV i Oslo Politidistrikt: Tre praktiske eksempler».

Verktøyet har blitt brukt i forbinding med førebygging og nedkjemping av vinningskriminalitet – spesielt bustadsinnbrot, lommetjuveri og ran. Felles for desse tre er at dei hadde ei sterk auke i registrerte anmeldingar før det blei etablert tileigna ressursar for å redusere talet på slike lovbrot. 

Oppgåvas problemstilling er: I hvilken grad benyttet Oslo politidistrikt målsettingsteorien SMART i sitt arbeid med boliginnbrudd, lommetyverier og ran? SMART er ikkje offisielt nytta i bruken av PSV, men Kvithyld ville gjerne undersøke om politiet har jobba etter denne teorien. Han stilte også spørsmål om det er noko samanheng mellom flytting av politiressursar og oppnådde resultat i nedkjemping av desse tre vinningslovbrota. Resultat og data som blir analysert og drøfta blei registrert i ei periode frå 2012 og til 2014.

Eit av hovudfunna til Kvithyld er at det sannsynlegvis ligg eit unytta gevinstpotensial i trepartssamarbeidet mellom arbeidsgivar/-takar og lovgiving når det gjelde bruken av PSV. Han meiner at det er her det er mest å hente for politietaten då desse tre partane er avhengige av kvarandre for å lukkast. Kvithyld skriv at «PSV kan tilrettelegge for at politimesteren og resten av organisasjonen har et verktøy som bidrar til kunnskapsstyrte prosesser som kan styrke kontroll og læring.»

Les heile oppgåva i PIA.

Publisert: - Sist oppdatert: |