Hopp til innhold

Masteroppgåve om politiets oppfatning av opne internettkjelder til etterforskingsformål

Bilete av forfattaren
MASTERSTUDENT: Bjørn Rasmussen.
Bjørn Rasmussen (Kripos) har levert masteroppgåva «Kilde til bekymring eller opplysning?: Politiets oppfatninger av åpne internettkilder til etterforskningsformål», og dimed fullført ein erfaringsbasert master i etterforsking ved Politihøgskolen.

Forfattaren har undersøkt problemstillinga «Hva er politiets oppfatninger av åpne internettkilder til etterforskningsformål?» ved å analysere intervju med fire grupper av etterforskingsavdelingar frå ulike delar av landet. UTAUT-modellen, som fokuserer på brukaråtferd og aksept av informasjonsteknologi, er brukt til både førebuinga, gjennomføringa og tolking av den empiriske undersøkinga.

Rasmussens prosjekt tar utgangspunkt i at politiets etterforskingar på ein rutinemessig og forsvarleg måte skal kunne bruke informasjon som er opent tilgjengeleg på nett, og vurdere og bruke desse kjeldene på lik linje som andre arbeidsmetodar. Den nasjonale standarden frå 2018 er brukt som oppgåvas teoretiske grunnlag.

Funna i oppgåva tilseie at etterforsking av internettrelatert kvardagskriminalitet kan bli forbetra ved at etterforskarar nyttar seg av søk på opne internettkjelder. Som igjen kan resultere i at ein større del av denne kriminalitet både blir meldt til politiet og oppklart. Informasjonen er også høgt verdsatt då den er enkel og rask å få tilgang til. Samtidig viser undersøkinga at etterforskarar er bekymra for å bruke opne internettkjelder på feil måte. Til dels å legge frå seg digitale spor som kan skade etterforskinga, utsetje politiets nettverk for dataangrep eller å ikkje oppdage upålitelige kjelder.

Les heile oppgåva i PIA.

Publisert: - Sist oppdatert: |