Hopp til innhold

Leiing av endringsprosessar

Bilde av forfattaren
UTE MED NY ARTIKKEL: Rune Glomseth
Rune Glomseth (førsteamanuensis i organisasjon og leiing ved Politihøgskolen) har publisert artikkelen «Endringer, reformer og adaptivt lederskap» i tidsskriftet «Magma - Tidsskrift for økonomi og ledelse».

Artikkelen set fokus på dei stadige endringane som skjer i private og offentlege organisasjonar og utfordringane dette har for både dei tilsette, men spesielt for leiarane. Glomseth har sett på fenomenet adaptivt leiarskap og om dette kan vere ein nyttig og effektiv tilnærming for leiarar som arbeider med endringar og reform.

Glomseth går grundig til verks og skildrar kva ein adaptiv leiarstil er og kvifor dette kan vere ei god løysing for organisasjonar som gjennomgår både store, og små endringar. Glomseth utdjupar at ei adaptiv tilnærming til endring sannsynlegvis kan bidra til at organisasjonsendringar blir gjennomført på ein god måte og samtidig sikre at fleire reformer kan nåast. Ulike organisasjonar kan bli betre utrusta til å balansere endringar og dagleg drift og dermed takle endå større endringar.

Les heile artikkelen i PIA

Publisert: - Sist oppdatert: |