Hopp til innhold

Master om profesjonalisering av etterforskingsarbeid

Bilde av forfattarene
FORFATTARANE: Ann-Kristin E. Haugerstuen og Frode T. Lier etter muntleg eksamen
Ann-Kristin E. Haugerstuen og Frode T. Lier har skrevet oppgåva «Fra Learning by Doing til Doing by Learning – Om profesjonalisering av etterforskningsarbeid».

Haugerstuen og Lier har begge lang erfaring innan etterforskingsfaget og har opplevd at det er varierande grader av kompetanse og praksis både når det kjem til oppgåveløysning og organisering her til lands. Det finst ynskje om ein einsarta praksis, men dette stemmer ikkje overeins med verkelegheita. Faget glimtrar til med eit fråvær av eit forpliktande system og standardisering av yrkespraksis.

Problemstillinga lyder «Hvordan har etterforskningsfaget utviklet seg i retning av en profesjonalisering og vitenskapelig forankrede etterforskningsmetoder og hvordan viser denne utviklingen seg i etterforskernes praksis.»

Så kva kan gjerast for å få ein likare praksis og standardisering av politiets etterforsking?

Som ein del av kvalitetsreforma er eit av måla å oppnå likare yrkespraksis og profesjonalisera etterforskingsfaget. I oppgåva blir "Professionalising criminal Investigation Programme" (PIP), som stammar frå England og Wales, fleire gongar foreslått som eit profesjonaliseringsprogram å ettertrakte med kva gjelder eit standardisert og spesialisert utdanningstilbod. PIP gir opplæring og sertifisering i ulike sakstyper og ulike roller i etterforskinga. Det kan gi byråkratisk kontroll av skjønnsutøvinga vår, og meir kontroll generelt.

Haugerstuen og Lier poengterer at vi i Noreg har eit godt utdanningstilbod ved Politihøgskolen og visar til Heivoll som seier at vi kanskje har verdas beste politiutdanning. Men ingen av etter- og vidareutdanningane innan etterforsking er obligatoriske per dags dato for å jobbe som etterforskar i Noreg.

Haugerstuen og Lier utførte semistrukturerte dybdeintervju med fleire erfarne etterforskarar for å undersøke korleis etterforskingsfagets utvikling og politiets system for forvaltning viser seg i etterforskarane sin praksis. Informantane hadde lang fartstid i Politi-Noreg og kandidatane var sjølv kjente med dei fleste av dei. Funna viser at informantane rundt omkring hadde ulike oppfatningar om korleis ting skulle gjerast. Frå dette kan det oppstå ulike haldningar.

For å endre dette kan det å auke kunnskap og kompetanse skape ei forståing som kan bidra til å endre desse haldningane. For sjølv om ein har bruk for ein profesjonalisering og standardisering innan etterforskingsfaget burde det vere rom for at menneske er ulike og ein ikkje alltid kan plassere dei i boksar og sjekklister. For den viktigaste profesjonaliseringa er måten vi tenkjer på.

Les heile oppgåven i PIA.

Publisert: - Sist oppdatert: |