Hopp til innhold

Objektivitet i avhør

Forsida av tidsskriftet
TIDSSKRIFTET: Strafferett
Kristina Kepinska Jakobsen (PHS) har saman med Ulf Stridbeck (UiO) og Åse Langballe (NKVTS) undersøkt korleis politiet praktiserer objektivitetskravet i avhøyr av fornærmande. Artikkelen er publisert i tidsskriftet Strafferett.

Samandrag:

Foto av forfattaren

Forfattar: Kristina Kepinska Jakobsen

Objektivitet er ein av rettssikkerhetens mest fundamentale prinsipp og gjeld for heile straffesakskjeden frå mistanke om straffbar handling til dom. Kravet om objektivitet heng saman med den materielle sannheits prinsipp – at straffesaka får eit objektivt riktig resultat. I politiets opplæring forsøke ein å ivareta objektiviteten ved ei open, hypotesetestande tilnærming og ved å unngå å påverke den avhøyrtes forklaring, ved primært å ta i bruk opne spørsmål.

Korleis objektivitetskravet operasjonaliserast av politiet under avhøyr av den fornærma, er likevel uutforska. Formålet med denne studia er å undersøke korleis politiet praktiserer objektivitetskravet når dei avhøyrer dei fornærma. Studia vise at objektivitetskravet er sentralt for etterforskarane. Dei søker å ivareta objektiviteten ved å vere upartiske, unngå å påverke og halde ein emosjonell distanse. Samtidig ynskjer dei å vere empatiske. Balansegangen mellom objektivitet og empati kan føre til kommunikative dilemmaer i avhøyrerrolla.

Det vil derfor bli analysert og diskutert korleis krava om objektivitet og empati handterast. Vi har brukt to datakjelder: 19 lyd- og bildeavhøyr av ungdommar som overlevde terrorangrepet på Utøya 22. juli 2011, og intervjuar av dei 17 etterforskarane som har gjennomført dei 19 avhøyra.

Les heile studia i Idunn eller bestill den frå biblioteket på PHS

Publisert: - Sist oppdatert: |