Hopp til innhold

Erasmus+ Traineeships for B3-studentar

Eramus+ Traineeships er ei stipendordning gjennom EUs Erasmus+ program.

Det gir stipend til studentar som får praksis i eit europeisk land i minst to månadar (minimum 62 dagar). Stipendet dekkjer om lag 75 prosent av kostnadane ved opphaldet. Studenten må sjølv dekkje resten

Studenten må søke Internasjonal eining om å få eit Erasmus+ Traineeship stipend. Praksisplassen er hos ein av våre førehandsgodkjende partnarar. For tida er dette Niedersachsen, Tyskland eller University of Central Lancashire, UK (avhengig av Brexit og nokre andre faktorar).  Praksisperioden er på 2 månadar og studenten skal ha praksis ein gong mellom 30. juni, 2020 og 30. juni 2021. Det er praksisstaden som avgjer når perioden blir.

Informasjon om søknadsprosessen vil kome på Canvas i januar.

Sist oppdatert: |