Book opphald på kurs- og øvingssentra

Vi tilbyr overnatting, bevertning og fasilitetar for justissektoren i Stavern og Kongsvinger. Dette er to særs gode alternativ anten du skal gjennomføre kick-off-seminar eller faglege kurs.

Kurs- og øvingsssenter for justissektoren i Stavern

Kurs- og øvingssenteret ligg idyllisk til ved sjøkanten på Fredriksvern Verft, som er eit av dei ti nasjonale festningsverka i Noreg. Her finn du fasilitetar for dei fleste formål – alt frå politioperativ trening til konferansar i moderne lokale.

Dette kan vi tilby

168 rom med totalt 336 senger. Alle rom har dusj og toalett. Vi har bar, TV-salong og serveringskapasitet til ca. 320 personar – med høg standard på oppgraderte middagar. Du kan òg nytte deg av idrettsbygget med treningsapparat og badstove. Trådlaust Internett er tilgjengeleg gratis i heile leiren, og resepsjonen er bemanna heile døgnet.

For operativ trening finn du øvingshus, øvingsgate og Åres skytebane (50 meter) ca. 20 minutt unna med bil. Det er godt med parkeringsplassar på området.

Vi har to godt utstyrte auditorium med plass til 114 og 210 personar, to dataklasserom med 30 datamaskiner, møte- og klasserom som alle er utstyrte med projektor og stasjonær datamaskin, grupperom og videokonferanserom.

Slik bestiller du

Ta kontakt på e-post til jko.stavern@phs.no eller telefon 23 19 99 00.

Adresse

Justissektorens kurs- og øvingssenter (se kart)
Helgeroveien 9
3290 Stavern

Politihøgskolens utdanningssenter i Kongsvinger

Utdanningssenteret ligg på Sæter gård, ca. 3 km nord for sentrum av Kongsvinger. Med gode fasilitetar, store skogområde, vatn, by og relativt kort avstand til svenskegrensa, er dette ein unik stad for operativ trening.

Dette kan vi tilby

Vi har gode og fleksible fasilitetar for operativ trening fordelte utover området. Sommaren 2019 opna vi eit nytt og moderne skyte-/øvingsanlegg, og vi har ein stor, asfaltert køyregard inne på området.

Slik bestiller du

Ta kontakt på e-post til postkongsvinger@phs.no eller telefon 23 19 99 00.

Adresse

Politihøgskolens utdanningssenter Kongsvinger (se kart)
Motjernsvegen 21
2213 Kongsvinger