Hopp til innhold

Historie

Politihøgskolen (PHS) er den sentrale utdanningsinstitusjonen for politi- og lensmannsetaten.

Skolen feira 90-årsjubileum i 2010, men sjølve etaten har ei mykje lengre historie. Lensmannsetaten har anar tilbake til mellomalderen; for politiet kan vi følgje historia tilbake til midt på 1700-talet. Den første organiserte opplæringa kom i gang i Kristiania i 1889.

Statens Politiskole vart grunnlagd i 1920. I førstninga heldt skolen til ulike stader i Oslo før han i 1946 vart flytta til Gardekasernen i Slemdalsveien 5, Oslo, der han ligg i dag. For å møte auken i elevtalet, og for å skaffe nødvendige spesialrom for meir og betre yrkesretta utdanning, vart det etter kvart behov for å utvide lokalitetane. Eit nytt tilbygg vart teke i bruk hausten 1979 (byggjetrinn II).

Politiskolen ca. 1960

Politiskolen ca. 1960

Ny epoke
I politiske dokument om høgare utdanning for yrke som blir karakteriserte som «krevjande», er det lagt til grunn at utdanninga er på høgskolenivå. Politiyrket er eit slikt yrke. I 1990 vart det sett ned ei prosjektgruppe som utarbeidde planar for overgang frå ein etatskole som Politiskolen var, til ein høgskole for politiutdanning. Studieplanen for grunnutdanninga vart fastsett av Justisdepartementet 26. mars 1992, og det første kullet med studentar byrja den 3-årige høgskoleutdanninga si ved Politihøgskolen same hausten. Det siste kullet frå Politiskolen vart uteksaminert våren 1993, og ein epoke i historia til skolen var over.

I 2003 byrja høgskolen arbeidet med å få PHS delvis innlemmet under lov om universiteter og høgskoler, og 18. juni 2004 trådte Forskrift om delvis innlemming av Politihøgskolen under lov om universiteter og høgskoler i kraft. Denne forskriften ga Politihøgskolen status på linje med andre høgskoler.

Kvalitetsarbeidet godkjent  
Grunnutdanninga ga frå samme tidspunkt bachelorgrad. Lovens bestemmelser om akkreditering og evaluering omfatter frå dette tidspunkt også Politihøgskolen. Politihøgskolens håndbok i kvalitetsutvikling vart godkjent av Politihøgskolens styre 8. juni 2004. Høsten 2005 evaluerte NOKUT Politihøgskolens system for kvalitetssikring, dette vart godkjent 27.02.2006.

Nye lokasjonar
Overgang til høgskole, større studentkull og krav om auka etter- og vidareutdanning førte til behov for ytterlegare utviding av bygningane til Politihøgskolen. Eit nybygg i tilknyting til den eksisterande bygningsmassen vart ført opp og teke i bruk hausten 1996 (byggjetrinn III). I dette bygget er det mellom anna auditorium med plass til 200 personar, bibliotek, storklasserom og grupperom.

I tillegg til skolen i Oslo har Politihøgskolen ei avdeling i Bodø. Denne avdelinga vart etablert i 1997 og tilbyr tilsvarande grunnutdanning som i Oslo. Politihøgskolen disponerer også utdanningssenter i Stavern og på Kongsvinger, der meir politioperative delar av utdanninga går føre seg. Frå og med hausten 2009 har Politihøgskolen sitt utdanningssenter på Kongsvinger tatt imot i underkant av 150 førsteårsstudentar. Dette er naudsynt for å kunne auke det samla studenttalet ved PHS. Studentane er på Kongsvinger det første året, og tar det siste og avsluttande året i Oslo. Frå og med hausten 2010 vart Stavern eit av studiestadane som blir tilbode Politihøgskolens bachelorstudentar - i fyrste omgång berre for fyrsteårsstudentar. Hausten 2012 blei Stavern utvida med tredjeårsstudentar, og avdelinga har no totalt plass til 336 studentar.

Sist oppdatert: |