Hopp til innhold

Slik vert det vurdert om studentane er skikka

Politihøgskolen (PHS) følgjer opp studentane tett gjennom heile studiet. Det er ein viktig del av utdanninga ved PHS å vurdere kontinuerleg kor eigna og skikka studentane er for teneste i politi- og lensmannsetaten.

PHS tek difor jamleg opp dette emnet med studentane, både ved starten av skoleåret og undervegs. Når det er naudsynt nyttar høgskolen uro- og oppfølgjingssamtalar, åtvaringar, korreksjonar og påpeikingar overfor studentane.

Likevel vert det handsama ein handfull såkalla skikkavurderingssaker kvart år. Dette er saker der det vert vurdert om studenten er skikka for arbeid i politiet – og følgen kan bli at studenten vert utvist. Skikkavurderinga er konkret, og det vert mellom anna lagt vekt om studenten er moden, har ansvars- og pliktkjensle og om ho eller han er påliteleg, ærleg og heiderleg. Skikkavurderingssaker vert til dømes knytt til kritikkverdig åtferd, fusk, straffbare tilhøve i trafikken, skadeverk og vald.

Det er skikkavurderingsnemda til Politihøgskolen som handsamar desse sakene. Leiaren av nemda er rektoren ved Politihøgskolen, og ho er elles sett saman av tilsette ved Politihøgskolen, ein studentrepresentant og ein representant frå ein annan høgskole. Assisterande rektor er vararepresentant for leiaren. Nemnda har seks medlemer, samt sekretær og juridisk rådgivar.

Korleis oppstår ei skikkavurderingssak?

Ei skikkavurderingssak startar med at PHS vert gjort kjent med det klanderverdige tilhøvet. Om det er naudsynt, vert saken undersøkt vidare, og det vert gjennomført ein samtale mellom studenten og avdelingsleiaren. Dersom studenten har gjort ei straffbar handling eller har gjort seg skuldig i brot på nærare angitt regelverk, kan rektor fatte vedtak om mellombels utvising. Nemnda tar opp ei skikkavurderingssak for ein student dersom eit av medlemene i ho reiser tvil om studenten er skikka. Dersom nemnda finn at studenten er uskikka, gjer ho framlegg om utvising til politihøgskolestyret. Høgskolestyret gjer vedtak i saken. Studenten har høve til å forklare seg for nemnda og for styret. Ei eventuell klage på styrevedtaket vert handsama av Justis- og beredskapsdepartementet. Det hender at studenten vel å seie frå seg studieplassen sin før saken er ferdig handsama.

Sist oppdatert: |