Hopp til innhold

Internasjonalt samarbeid

Politihøgskolen (PHS) driv internasjonalt samarbeid på fleire plan.

Internasjonalt samarbeid er knytt til statusen som PHS har som utdanningsinstitusjon.

Nordcop – Nordic Cooperation in Police Education
PHS samarbeider med dei andre politiutdanningsinstitusjonane i dei nordiske landa Danmark, Island, Finland, Sverige og Noreg. Føremålet er å auke mobiliteten i utdanninga gjennom studentutveksling og fagleg samarbeid.

Eurocop - European Cooperation in Police Education
PHS har avtale om studentutveksling med Romania pluss fire ulike politihøgskular i Tyskland.

CEPOL– European Police College
CEPOL er eit nettverk av dei sentrale utdanningsinstitusjonane for politiet i EU-landa. Politihøgskolen har status som assosiert medlem, og har skrive under på ein samarbeidsavtale med CEPOL som gir skulen rett til å delta i alt av CEPOL-aktivitetar. CEPOL har eit omfattende kurstilbud og er ein pådrivar for harmonisering og kompetanseheving av politiutdanninga i Europa.

AEPC – European Association of Police Colleges
AEPC er eit nettverk for alle dei europeiske politiutdanningsinstitusjonane.

Erasmus+:
Politihøgskolen har Erasmus Charter for Higher Education 2014-2020 som gir høvet til å inngå samarbeid med andre utdanningsinstitusjonar. Dette gjeld i fyrste omgang for tilsett ved Politihøgskolen.

PHS har også ansvar for opplæring knytt til:

International civil crises management
Opplæring av norske og utanlandske polititenestemenn og -kvinner for teneste i konfliktområde under leiing av FN, OSSE, EU eller bilateralt.

United Nations Police Officers Corps
Dette er eit obligatorisk kurs som går over to veker. Kurset vert arrangert to til tre gongar i året og er på engelsk. Internasjonal sivil krisehandtering dekkjer òg «Human Rights and Law Enforcement».

Schengen border and immigration service
Opplæring av norske og utanlandske polititenestemenn og -kvinner som skal tenestegjere ved grensekontrollen i Schengen-området.

Internasjonale koordinatorar ved PHS er Kirsti Helene Messel, .


Sist oppdatert: |