Hopp til innhold

Dette tilbyr vi

Som tilsatt ved Politihøgskolen får du mellom anna ei fleksibel arbeidstid, gode høve for kompetanseutvikling og treningsfasilitetar.

Eit godt arbeidsmiljø med kollegaer frå mange forskjellige yrkesgrupper.

Gode høve for kompetanseutvikling -  høve for stønad til pedagogisk utdanning og masterutdanning, hospitering samt deltaking på konferansar og seminar.

Medlemskap i Statens pensjonskasse, ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg, med moglegheit for gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.

Fleksibel arbeidstid

Gode treningsfasilitetar med høve til å trene ein time pr. veke i arbeidstida.

Introduksjonsseminar. To gonger i året (januar og august) blir det arrangert seminar for alle nytilsette ved Politihøgskolen med praktisk og fagleg informasjon.

Personalhytte på Gol/Hemsedal og sommarhotell i Stavern.

Ved avdelingane i Oslo, Stavern og Kongsvinger driv Politihøgskolen eiga kantine der det blir servert frukost, lunsj og middag. Avdelinga i Bodø nyttar kantina til Universitetet i Nordland.

Diverse sosiale arrangement

Sist oppdatert: |