Hopp til innhold

Slik søkjer du

Politihøgskolen nyttar WebCruiter som elektronisk søknadssystem.

Når du registrerer søknaden din i WebCruiter er det viktig å fylle ut skjemaet så nøyaktig og fullstendig som mogleg.  Søkjarlistene blir genererte på bakgrunn av det du registrerer. I sjølve søknadsbrevet (fritekst) er det viktig at du seier noko om bakgrunnen og motivasjonen din for å søkje stillinga.

Ver merksam på at det for tilsette i politi- og lensmannsetaten blir krav stilt om plettfri vandel, jf. Politilova § 18.

Tilbakemelding
Når søknaden din er registrert og sendt i WebCruiter får du ei stadfesting på mottatt søknad. Stadfestinga blir sendt til den e-postadressa du har oppgitt i søknaden. Andre meldingar til søkjarane skjer og via oppgitt e-post adresse.

Når søknadsfristen er gått ut blir det vurdert kva kandidatar som skal innkallast til intervju.

Når tilsetjingsprosessen er ferdig vil den som vert tilbudt tilsetjing få brev om dette. Dei andre søkjarane mottar ein e-post med melding om kven som er tilsett i stillinga. 

Utvida og offentleg søkjarliste
Utvida søkjarliste inneheld informasjon om namn, alder, utdanning og arbeidserfaring. Det er ikkje høve til å søkje om fritak frå å stå på utvida søkjarliste. Søkjarar til ei stilling har rett til å sjå utvida søkjarliste for den aktuelle stillinga.

Alle statlege etatar er pliktig til å utarbeide offentleg søkjarliste. Slik søkjarliste gjer informasjon om namn, alder, kjønn, noverande stilling og bustadskommune. Det er svært strenge krav for å sleppe å framkome på ei offentleg søkjarliste, men dersom du ikkje ønskjer at namnet ditt skal framkome, kan du søkje om dette ved å krysse av og grunngi dette i søknadsskjemaet. Dersom søknaden ikkje blir innvilga, vil du få informasjon om dette og også moglegheit til å trekkje deg frå søknadsprosessen.

Tilsettingsråd
Alle tilsettingar ved Politihøgskolen skjer i tilsettingsrådet til høgskulen. Rådet består av leiarar og representantar for tenestemannsorganisasjonane ved Politihøgskolen.

Sist oppdatert: |