Hopp til innhold

AEPC-konferanse i regi av PHS

Deltakarar frå 16 land deltok på konferansen der temaet var “Police training regarding use of force in a human right perspective”.

  DELTAKARAR: Omlag 30 personar deltok på konferansen.         DELTAKARAR: Omlag 30 personar deltok på konferansen.

Konferansen fann stad på Politihøgskolen i dag, onsdag 19. oktober og vart opna av president for The Association of European Police College (AEPC), Maurice Petit. Eit vanleg åpningsritual ved arrangement i AEPC er at vertskapet får overrekt ein vandrestokk som etter endt arrangement gjevast vidare til neste arrangør.

Første gongen i NoregRektor tek i mot ein vandrestokk
Ass. rektor Nina Skarpenes fortel at det er første gongen Politihøgskolen arrangerer ein konferanse for AEPC.

- Vi synst det er veldig hyggeleg at vi får vere vertskap for denne konferansen. AEPC er eit viktig forum som legg til rette for europeisk samarbeid.

Blant foredragsholderne var professor Johannes Knutsson og høgskulelektor Anders Lohne Lie frå Politihøgskolen.

Nettverk for europeiske politikollegaer
AEPC har sidan oppstarten i 1996 vore eit nettverk for politikollegaer frå heile Europa. I dag har nettverket medlemmar frå 50 skular frå over 40 land i Europa og nokre naboland.

Les meir om AEPC på deira nettstad.

Publisert: - Sist oppdatert: |