Hopp til innhold

Familievald på dagsorden

Forrige onsdag deltok statsadvokatembeter, politidistrikt og tingretter frå Vestfold, Telemark og Søndre Buskerud på seminar om familievald ved PHS i Stavern.

Seminaret tok for seg eit stort saksfelt der hovedvekten vart lagt på initialfasen. Rundt 75 deltakarar sat lydhøre i salen.

- Vi er nøgt med gjennomføringa av seminaret og engasjementet hos deltakarane. Det vil bli sendt ut ein e-post til eit representativt utval av deltakarane for konstruktive tilbakemeldingar. Disse tilbakemeldingane vil vi ta med oss vidare ved planlegging av eit eventuelt seinare seminar i Stavern, seier politioverbetjent Arngeir Anholt.

Foredragsholderne under seminaret var Ph.D. Geir Aas frå PHS, politioverbetjent Tom Løfqvist ved PHS Stavern, operasjonsledar Anne Meyer og innsatsledar Svenn-Arne Heian frå Vestfold politidistrikt, politoverbetjent Kjersti N. Haugen frå PHS Stavern og familievaldskoordinator Marit Normann frå Telemark politidistrikt. Siste foredragsholder på programmet var politiadvokat Trine Olsen Kvile.Heldt paneldebatt

Seminaret vart avslutta med ein paneldebatt leda av høgskolelektor Alf Martin Evensen frå PHS Stavern.

    PANELDEBATT: Ordstyrer for debatten var Alf Martin Evensen. Frå venstre bak han: Geir Aas, Svenn-Arne Heian, Anne Meyer, Marit Normann og Trine Olsen Kvile.
    PANELDEBATT: Ordstyrar for debatten Alf Martin Evensen til
    høgre. Frå venstre bak han: Geir Aas, Svenn-Arne Heian,
    Anne Meyer, Marit Normann og Trine Olsen Kvile.

- I panelet sat foredragsholderne og deltakarane fekk høve til å stille dei spørsmål dei hadde på hjartet, forteljar Anholt.

Publisert: - Sist oppdatert: |