Hopp til innhold

Ny instruktørutdanning for sivil rettspleie

Etter end utdanning skal studentane vere i stand til å planleggje, begrunne, tilretteleggje, vurdere og utvikle opplæring innan den sivile rettspleien på grunnplanet.

   
     STUDIEINFORMASJON: Studieplan og opptakskrav kan lesas på studiets eiga side.


      STUDENTINFORMASJON: Opptakskrav og studieplan kan 
      lesas her.

Oppgåvene til politiet innan den sivile rettspleien på grunnplanet omfattar sekretariatsfunksjonen for forliksråda, namsmannsfunksjonen og andre sivile gjeremål som blir utført på nivået under tingretten. Oppgåvene blir utført av fleire hundre sjølvstendige einingar som er organisert som ein del av lensmannskontor, politistasjonar, namsfogdkontor og hos sysselmannen på Svalbard.

I følgje høgskolelektor Nora Eikeseth skal instruktørutdanningen bidra til at kompetansen innan den sivile rettspleien på grunnplanet tilegnes, vedlikeholdes og utviklast i tråd med gjeldande rett, ny kunnskap og nye krav til oppgaveutøvelsen. Utdanninga skal støtte opp under ein enhetlig praksis, og dessutan danne grunnlag for nettverksbygging.

Fyrste runde av studiet starta opp seinhaustes i 2011 og studiet vil pågå fram til komande sommar. 

Praksis sentralt
Utdanninga er organisert i fleire samlingar med obligatoriske arbeidskrav. Praksis er sentralt i alle dele av studiet. Instruktørutdanninga består av pedagogikk og faglege emne innan tvangsfullbyrdelse og gjeldsordning med fagdidaktikk.

Eikeseth kan fortelje at eksamen består av ei praktisk prøve.

- Eksamen går ut på at studentane skal gjennomføre planlagd undervising i ein autentisk opplæringssituasjon med reelle deltakarar.

Engasjerte studentar
Studentgruppen er samansett når det gjeld utdanning og fagområde dei arbeider med til dagleg. På studiet er det no fire juristar og 10 som ikkje er juristar.

Såg langt virkar studentane nøgde, men Eikeseth trur dei er spente på kva resten av studiet og tida som ferdig utdanna instruktørar vil bringe. Det er ein ivrig gjeng med mykje engasjement som er i ferd med å bli instruktørar innan den sivile rettspleien.

For meir informasjon om utdanninga, sjå her

Publisert: - Sist oppdatert: |