Hopp til innhold

Evaluering av Øvelse Gemini 2013

Øvelse Gemini 2013
ØVELSE GEMINI 2013: Mannskap frå Beredskapstroppen og spesialkommandoen til Forsvaret firar seg ned til taket på Statoil-bygget i Kristiansund. Foto: Christian Nørstebø
Politihøgskolen (PHS) offentleggjer no evalueringsrapporten om innsatsen til justissektoren under Øvelse Gemini 2013, som vart gjennomført i Nordmøre og Romsdal politidistrikt 27. - 30. mai.

Gemini er ei årleg samvirkeøving mellom Politiet, Forsvaret og operatørselskapa. Øvinga er retta mot samhandling og kontraterror ved mogelege anslag på kontinentalsokkelen og tilknytt verksemd.

Det har vore lagt meir etterarbeid i denne evalueringsrapporten enn det som har vore vanleg etter tilsvarande øvingar. Det har to årsaker:

For det første var det ytra ønske om ei meir offentleg evaluering. Delrapportane frå Politidirektoratet, Kripos, Politiets sikkerhetstjeneste, Justis- og beredskapsdepartementet og politidistriktet er difor offentleggjorde saman med vurderingane frå Politihøgskolen.

For det andre ville ein oppnå meir læring gjennom større utveksling av røynsler mellom representantar frå politidistriktet, Politihøgskolen, Politidirektoratet og Justis- og beredskapsdepartementet.

Politihøgskolen meiner at evalueringsrapporten, som er lagt ved uavkorta her, er eit godt grunnlag for vidare læring og utvikling for justissektoren og samarbeidspartnarane.

Les heile evalueringa av Øvelse Gemini 2013

Nokre positive funn:

  • Nordmøre og Romsdal politidistrikt har gjennom mange år utvikla god kompetanse innan innsats og handsaming av situasjonar knytt til olje- og gassverksemd. Politidistriktet førebudde øvinga godt og grundig, øvingsmåla vert vidareutvikla, og Nordmøre og Romsdal får ein solid «bestått»-karakter etter øvinga.
  • Kripos tok imot og vidareformidla ein riksalarm 27. mai, og alle mottakarane kvitterte han ut som motteken. Fire oppdateringar vart sende ut dagane etterpå - med same respons. Varsling/riksalarm fungerte 100 prosent.
  • Gemini skaper gode relasjonar og tillit mellom aktørane - noko som har verdi langt utover øvinga og øvingsområdet. Læringa skjer både på organisasjons- og systemnivå, og på individnivå.

Nokre utfordringar:

  • Den nye bistandsinstruksen, der politiet skal få bistand frå forsvaret, er framleis utfordrande. Under øvinga vart førespurnader handsama på litt over to timar. PHS meiner likevel at den krevjande og repeterande prosedyren ikkje fungerer tilfredsstillande i ein tidskritisk situasjon. I spennet mellom behovet for konstitusjonell kontroll og reell operasjonell effektivitet meiner PHS at det ikkje vert lagt nok vekt på det operative.
  • Dei fire såkalla «sokkeldistrikta» (Rogaland, Nordmøre og Romsdal, Helgeland og Troms) har bygd opp god kompetanse. Politihøgskolen etterlyser likevel eit betre planlagt engasjement og felles deltaking frå desse distrikta, slik at læring og kompetanse ikkje vert fragmentert, og slik at distrikt med felles utfordringar effektivt kan utnytte øvingar som til dømes Gemini.
  • Politihøgskolen påpeikar at felles graderte kommunikasjonsmiddel og andre vesentlege område innanfor krisehandsaming framleis er ei utfordring. For å styrkje realismen i øvingane meiner PHS dessutan at ein under store nasjonale øvingar ikkje kan sjå bort frå krisekommunikasjon og politiske vedtak, til dømes knytt til forhandlingar. Det same gjeld bruken av Sivilt beredskapssystem (SBS) og mogeleg internasjonal bistand som ein del av øvingsbiletet.

Politihøgskolen meiner i sum at øvinga Gemini 2013 har hatt ei positiv utvikling med omsyn til øvingsbilete og læring, og at utfordringane er klart identifiserte og tydeleg kommuniserte.

Oslo 12. november 2013

Håkon Skulstad
Sjef Politihøgskolen

Politioverbetjent Eirik Rosø
Ansvarleg for evalueringa Øvelse Gemini 2013

Evalueringa er òg tilgjengeleg i Politihøgskolens institusjonelle arkiv, PIA.


Spørsmål om Øvelse Gemini 2013
Eventuelle spørsmål kan rettast til pressevakt Politihøgskolen, tlf: 488 87 934 / e-post: .

Publisert: - Sist oppdatert: |