Hopp til innhold

Takka ja til eigen blogg om leiing

BLOGG OM LEIING: Rune Glomseth med eigen blogg i Ukeavisen Ledelse. Faksimile: Ukesavisen Ledelse
Høgskulelektor Rune Glomseth ved Politihøgskolen (PHS) har fått sin eigen blogg i Ukeavisen Ledelse. Tilbodet kom etter fleire artiklar og bidrag om tema leiing.

Rune Glomseth er opphavleg politiutdanna, men har over år opparbeidd seg kunnskap og praksis på fagfeltet leiing, spesielt kva gjeld politileiing. Han er sentral i PHS sine leiarutdanningar, og har etter eige utsegn stor interesse av å hjelpe til med utvikling og det å gjere politileiing meir profesjonell.

- Det er førebels skrive lite om politileiarar og politileiing. Politileiarar treng solid leiarutdanning, trening og coaching. Leiing skal føre til noko, derfor må dei ulike leiarfunksjonane og politileiarane prioriterast og bli gitt gode utviklingsmåtar. Det er spesielt viktig i reform og endringstider, seier Rune Glomseth.

- PHS har gode leiarutdanningar, men i ei tid prega av omstillingar og mange nye krav må vi også vere svært opptekne av å vidareutvikle, reformere og kanskje skape nye program for leiarutdanningar, understrekar han.  

Nytt bidrag
Glomseth skreiv nyleg ein artikkel i Ukeavisen Ledelse under tittelen «Profesjonell politileiing, ja takk».

Nå har han levert nok eit bidrag om det å attfinne den offentlege leiarskapen - «Gjennoppfinn det offentlige lederskapet». Så fekk han tilbod om bidrag på meir permanent basis.

- Det var svært hyggjeleg å få tilbod om å bli ein av fleire faste bidragsytarar i Ukeavisen Ledelse, med eigen blogg.  Det gir eit utvida høve til å skrive om organisasjon og leiing knytta til politiet, men også på generell basis. Det er viktig at fagpersonar ved PHS er synlege, fremmar faglege synspunkt og deltek i debattar. Vi har noko å hjelpe til med, og vi kan lære mykje av å vere på andre arenaer, blant anna gjennom den responsen som ulike innlegg skapar. Det var lett å takke ja til dette tilbodet, seier Rune Glomseth.

Publisert: - Sist oppdatert: |