Hopp til innhold

Etterforsking i fokus

Forsker på podium, holder innlegg.
ETTERFORSKNINGSSEMINAR: Førsteamanuensis ved PHS Steinar Fredriksen snakker om det som er nytt i den nye straffeloven.
9. og 10. desember arrangerte Politihøgskolen (PHS) for tredje år etterforskingsseminar for politiutdannere. Dei 80 deltakarane på seminaret fekk blant anna ei god innføring i den nye straffelova.

- I rolla som hovudområdekoordinatorar innan etterforsking er oppgåva vår å leggje til rette for faglege kompetansehevande tiltak og hjelpe for å skape eit felles fagleg forum for dei fagtilsette innan etterforskingsutdanning, seier assisterande studieleiar ved bachelor i Oslo, Ole Thomas Bjerknes.

Bjerknes fortel at den primære målgruppa for seminaret er fagpersonar som bedriv opplæring, rettleiing eller undervisning innan etterforskingsfaget.

Fyrste dag starta med førsteamanuensis Steinar Fredriksen som forelas kva som er nytt med den nye straffelova. Etter lunch var dei parallelle sesjonane og debatten om temaa «The cognitive interview - where are we?» og «Dokumentasjon i ein digital kvardag».

- Vi har fokus på emne som kan hjelpe til vidareutvikling av fagtilsette ved bachelorutdanninga, etter- og vidareutdanninga og til fagpersonar i politiet. Eit slikt seminar gir dei fagtilsette moglegheit til å møtast for å ta opp og avklare faglege tema, koordinere undervisningsinnhald og -nivå og, ikkje minst, korrigere fagleg innhald ved at det kjem til ny kunnskap.

Ole Thomas Bjerknes fortel at det under seminaret i stor grad er interne bidragsytarar som forelesar, kor ny forskingsbasert kunnskap skal presenterast og diskuterast. Bjerknes understrekar at seminaret samtidig har blikket ut på politiet sentralt og har derfor også invitert foredragshaldarar som ser på utdanninga med ståstad frå politidistriktet og frå eit internasjonalt perspektiv.

Forsking, utviklingsarbeid og erfaringar

- Dette seminaret har som fagleg mål å tryggje og vidareutvikle fagkompetansen til den einskilde i lys av ei brei tilnærming til etterforskingsområdet. Det er eit klart mål at arrangementet skal utvikle forståinga for kvarandres faglege ståstad, og utvikle fagleg og personleg samarbeid på tvers av fag, studietrinn og kompetanseområde, seier Ole Thomas Bjerknes.

Dag to heldt blant annan politioverbetjent og høgskulelektor Ivar Fahsing innleiing om det pågåande doktorgradsprosjektet sitt «Profiling the Effective Detective».

Seminardeltakarane er i hovudsak tilsette ved Politihøgskolen i Kongsvinger, Stavern, Bodø og Oslo - i tillegg til deltakarar frå Riksadvokaten, Kripos, Økokrim og ein handfulle politidistrikt, samt nokre gode kollegaer frå Danmark.

 

 

Publisert: - Sist oppdatert: |