Hopp til innhold

Fleire nyutdanna er no i jobb

Studentar les pensum
FLEIRE I JOBB: Tal frå Politidirektoratet viser at stadig fleire nyutdanna politistudentar er tilsett i etaten. Illustrasjonsfoto.
692 studentar fullførte tredje året ved Politihøgskolen våren 2014. I slutten av november har 659 fått vitnemål - og 8 av 10 er no i jobb i etaten.

Nær 200 av dei nyutdanna frå 2014 er i fast stilling, det er ein tredjedel av dei 530 som er i jobb.  Det viser tala frå Politidirektoratet. Tala frå november er formidla i Politiforum tidlegare i november, og tala frå målepunktet 30. september er og no lagt ut på politi.no.

Talet på studentar i jobb har auka frå juni og fram til no: 634 hadde vitnemål 30. september. 453 av dei, 71,5 %, var på same tid tilsett i ei politistilling i etaten.  

Tala for 30. juni var 620 med vitnemål, og 400 i jobb i etaten, det var 64,5 % av dei med vitnemål.  Det målepunktet inneheld mange sommervikariat, noko Politidirektoratet også understreka i si rapportering. 

Fleire tilsette i etaten
For studentane som gjekk ut frå Politihøgskolen våren 2013 og 2012 viser tala at omkring 95 % av dei som har vitnemål frå desse avgangsåra er tilsett i etaten i slutten av september 2014. Ser ein på dei som gjekk ut frå PHS våren 2012, viser bakgrunnstala at nær 9 av 10 av desse no er i fast jobb - to år etter at dei var ferdig. 

Talet på tilsette i etaten totalt aukar, og det gjeld og talet på politifaglig tilsette. Etaten har no 15.288 årsverk, og 9.045 av desse er politifaglege stillingar, medrekna Politiets sikkerhetstjeneste.  Frå første kvartal 2014 er det ei auke på om lag 335 politifaglege stillingar.

Politidirektoratets sak og statistikken kan du lese mer om på politi.no.

Publisert: - Sist oppdatert: |