Hopp til innhold

Politiet har evaluert terrortrusselen i sommar

Politiet har evaluert terrortrusselen i sommar
Illustrasjonsfoto.
Politiet sin organisering av terrortrusselen i sommar (OP Sommar) var i all hovedsak vellukka. Særskilt dei nye systema for varsling og kommunikasjon virka godt.

Områder som bør forbetrast er mellom anna knytt opp mot grensekontroll, samhandling og håndhevelsesbistand, viser den gjennomgangen politiet no har gjort.

Dette er då ikkje ein ekstern undersøking. Det er tidligere politimeister Per O. Sefland som har leia evalueringsarbeidet av OP Sommar. Målsettinga har vore å ta lærdom, både av det som virka og det som kan bli betre.

Rapporten er basert på innspill og vurderingar frå Politidirektoratet, politidistrikt, særorgan, Forsvaret og øvrige samvirkeaktørar.

Gledelege erfaringar
- Eg er nøgd med det overordna inntrykket om at operasjonen var godt organisert.  Særs gledeleg er det at erfaringane med dei nye systema for varsling og kommunikasjon fungerte godt. Det er tidligare peikt på manglar for varsling og innkalling av mannskap, så dette syner at politiet heile tida utviklar seg og at vi tar viktige steg i rett retning, seier politidirektør Odd Reidar Humlegård i ein kommentar på politi.no.

I april 2013 vart det innført eit nytt system for såkalla riksalarm og distriktsalarm. Varslingar om trusselsituasjonen kom raskt og effektivt fram under OP Sommar.

Tilbakemeldinger fra personell i POD, samt fleire politidistrikt og særorgan, tyder på at systemet fungerte etter hensikta, og at det var god forståing for bruken.

Heile evalueringa kan du lese her.

Publisert: - Sist oppdatert: |