Hopp til innhold

Truslar skapar vanskar for politikarar

Bilde av rapporten
NY STUDIE: Stipendiat Heidi Fischer Bjelland og professor Tore Bjørgo har kommet med eit nytt studie om truslar mot politikarar.
Mange norske politikarar opplever hendingar som skaper frykt og uro. Det kjem fram i studien og rapporten «Truslar og trusselhendingar mot politikarar» av stipendiat Heidi Fischer Bjelland og professor Tore Bjørgo ved Politihøgskolen.

-PST ønsket å kartleggje trusselbiletet mot norske politikarar, då dette ikkje er gjort tidlegare. I surveyanalysen kjem det fram at ein tredjedel av myndigheitspersonane i undersøkinga har opplevd minst ei hending som vi vurderer som alvorleg. I tillegg rapporterer 85 % at dei har opplevd minst ein form for uønskte hendingar, fortel stipendiat Heidi Fischer Bjelland.

Fischer Bjelland seier at ein som politikar nok må rekne med å bli utsett for ubehagelege og uønskte hendingar, men det er graden av truslane som er alvorleg.

-I dei mest alvorlege tilfella, som ca. 15 % rapporterer å ha opplevd, så er det snakk om fysiske angrep eller forsøk på dette, fortel stipendiaten.

Trussel mot demokratiet

Deltakarane i undersøkinga fortel at slike hendingar kan påverke rolla deira som politikarar.

-Nokre av dei som har svart på undersøkinga fortel at dei i nokre tilfelle kjenner at dei blir tvinga til teiing, at dei må innskrenke seg når det er snakk om enkelte tema, og at dei endar opp med å la vere å delta i den offentlege debatten. Dette påverkar utøvinga av rolla deira som politikarar, noko som blir eit problem for den demokratiske prosessen, seier forskaren.

Sidan det ikkje er gjorde liknande studiar tidlegare, er planen at Politihøgskolen skal gjere ei ny undersøking på slutten av denne regjeringsperioden.

Les heile studien her.

 

 

Publisert: - Sist oppdatert: |