Hopp til innhold

Politibemanninga aukar

Politiuniform
AUKE: Ved utgangen av 2013 var politidekninga 1,71 pr. 1.000 innbyggjar, mot 1,66 ved utgangen av 2012. Illustrasjonsfoto
Politiet får stadig fleire tilsette, og politidekninga aukar. Det kjem fram i statistikk for 2013 frå Politidirektoratet.

31. desember 2013 var det 14.770 lønna årsverk i politi- og lensmannsetaten, medrekna Politiets Sikkerhetstjeneste (PST). På same tid året før var talet 14.316, politiet har då totalt 454 fleire stillingar. Ved utgangen av 2013 var det 8.716 politistillingar, mot 8.397 året før. Dette er ei auke på 319 stillingar.

Betre politidekning  
Ved utgangen av 2013 var politidekninga 1,71 pr. 1.000 innbyggjar, mot 1,66 ved utgangen av 2012. Politidekning pr. 1.000 innbyggar reknast ut ved å måle årleg berekna folkemengd frå Statistisk Sentralbyrå mot politiets eigne tal på lønna årsverk. Held utviklinga fram vil etaten vere på god veg mot målet på 2 politistillingar pr. 1.000 innbyggjar innan 2020, skriv Politidirektoratet på nettstaden politi.no.

Politiet er og tilført 350 nye politistillingar i 2014. I tillegg kjem ekstra stillingar til PST. Saman med naturleg avgang skal desse skape rom for dei rundt 700 studentane som går ut frå Politihøgskolen. Målet er at alle som har fått vitnemål frå Politihøgskolen skal få tilbod om jobb i politiet så raskt som mogeleg.

Les meir og sjå heile talmaterialet på politi.no.  

Publisert: - Sist oppdatert: |