Hopp til innhold

- Studentane kjem aldri hit!

Hender på eit tastatur
NETTBASERT STUDIUM: Studiet i juridisk metode gir ei innføring i kva juss går ut på. Illustrasjonsfoto
Politihøgskolen gjennomfører no for første gong «Innføring i juridisk metode» som hundre prosent nettbasert studium. Studentane har heile studiet, inkludert undervisning, samlingar og eksamen, på nett.

Dette er det første nettstudiet der alt studiematerialet, med unntak av lærebøkene, er produsert på Politihøgskolen.

- Vi valde å ta opp alle dei kvalifiserte søkjarane, og på den første nettsamlinga hadde vi 41 deltakarar. Éin av deltakarane logga seg på frå Gran Canaria - godt motivert av sol og varme, fortel initiativtakar og høgskulelektor Frederik Barth.

Studiet i juridisk metode gir ei innføring i kva juss går ut på. Ein tek her for seg juridisk tenking og korleis ein nyttar juridisk metode for å kome fram til ein rettsregel som kan løyse dei aktuelle juridiske problemstillingane. I tillegg ser ein nærare på framgangsmåten ved bruk av rettsreglar på faktiske situasjonar.

Frederik Barth har det faglege og pedagogiske ansvaret, og driftar kurset saman med Atle Schaathun, som også styrer det tekniske. Dei to har saman utarbeidd ei løysing og eit opplegg som har ført til at Politihøgskolen no har fått sitt første heilt eigenproduserte og hundre prosent nettbaserte studium.

- Det spelar inga rolle om du er i Spania, Finnmark, på hytta eller om bord i ein seglbåt. Alt du treng for å studere og undervise, er breiband, forklarar Schaathun.

Læringsplattform
Studentane jobbar med utgangspunkt i læringsplattforma It’s Learning. Det er her dei finn alt faginnhald og løyser oppgåver som dei leverer inn til rettleiaren. I tillegg til arbeidskrava har studiet frivillige oppgåver som studentane stort sett vel å gjere.

- Eg går inn og kommenterer innleveringane på ein video som eg sender til studentane. Det skapar nærleik, og gir studentane ei meir individuell oppfølging enn dei vanlegvis ville ha fått på eit samlingsbasert studium, fortel Barth. 

Magnus Martingsdal og Frederik Barth

FØRELESNINGSVIDEO: Intervju med høgsterettsdommar Magnus Martingsdal.

- Til kvart av dei fem tema finn ein førelesingsvideoar og intervju med spesialistar og eksterne fagfolk. Vi har til dømes vore i Høgsterett og intervjua høgsterettsdommar Magnus Martingsdal, og vitja stortingsbiblioteket for å sjå nærare på forarbeidet til lovene.

Studiet gir fem studiepoeng, og går over sju veker. I dette ligg arbeidskrav, litteraturstudium og deltaking i undervisning på nett. I tillegg kjem eigentestar og frivillige oppgåver som studentane kan levere individuelt eller i gruppe. Mange vel å samarbeide om oppgåver, anten ved at dei møtest fysisk eller arbeider saman over Internett. Studentane tek eksamen frå sin eigen pc heime.

Spar tid og pengar
-
 Det er ikkje noko vi har spurt dei om direkte, men det kan sjå ut som mange av studentane som tek dette studiet, er småbornsforeldre. Dette har vi freista ta omsyn til. Blant anna er dei fem fellesmøta lagt til klokka 20.00 - altså etter at borna har lagt seg, fortel Schaathun.

Både Barth og Schaathun understrekar at denne studieforma opnar nye pedagogiske og studieadministrative moglegheiter. Fleksibiliteten gjer studentane mindre avhengige av tid og stad, og Politihøgskolen treng ikkje å stille med klasserom og overnatting.

- Det er ein glimrande måte for politidistrikta å utdanne folka sine på. Samstundes sparar det ressursar. Ein slepp dyre flyreiser og overnattingar, og arbeidstakarane reiser ikkje vekk på samlingar. Men studentane skal sjølvsagt få studiedagane dei har krav på, seier Barth.

Les meir om nettstudiet

Publisert: - Sist oppdatert: |