Hopp til innhold

Gir politistudentane kunnskap om doping

Foredragsholder Vibeke Jarness frå Antidoping Norge
SAMARBEIDER: Politihøgskolen samarbeider med Antidoping Norge, og stiftinga held jamleg foredrag ved skulen.
B1-studentane lærde om dopingmiddel, kosttilskot og konsekvensar av bruk av dopingmiddel då Vibeke Jarness frå Antidoping Norge gjesta Politihøgskolen.

- Dette temaet er veldig relevant når dei skal ut i praksis og seinare ut i jobb, seier høgskulelektor Lillis Rabbing til den oppmøtte forsamlinga.

Politihøgskolen samarbeider med Antidoping Norge. PHS sine studentar pliktar å avleggje dopingprøve dersom dei blir plukka ut ved kontroll, som blir gjennomført årleg på alle studiestader.

Eit problem i samfunnet
Forelesninga tok også for seg omfanget av dopingbruk, som ikkje lenger sjås på som eit utprega idrettsproblem - men eit samfunnsproblem. Frå 1.juli 2013 blei det forbode å kjøpe, bruke eller ha dopingmiddel, som eit førebyggjande tiltak mot det aukande problemet.

- Det er viktig at studentane har kunnskap om doping, og dei skal vere truverdige i det førebyggjande arbeidet dei gjer som politi, seier Rabbing.

Publisert: - Sist oppdatert: |