Hopp til innhold

Politistudentane: Kven er dei og kvifor ønskjer dei å bli politi?

Politistudenter i samtale
UNDERSØKING: Politistudentar er handlingsorienterte, vil skape eit betre samfunn og hjelpe folk som har problem. Illustrasjonsfoto
Foreldra til politistudentane har ikkje så høg utdanning som tidlegare forsking har vist. Dette skriv høgskulelektor Pål Winnæss frå Politihøgskolen og professor Håvard Helland frå Høgskolen i Oslo og Akershus i ein artikkel i «Nordisk politiforskning».

Winnæss og Helland har undersøkt bakgrunnen til ferske politistudentar og sett på kva grunnar dei har for å velje politiutdanning. Undersøkinga deira viser, i motsetnad til tidlegare kvantitativ forsking, at ein mindre del av studentane har foreldre med lengre universitets- eller høgskulebakgrunn.

- Funna våre viser at mor og far ikkje har så høg utdanning, forklarer Winnæss. Han understrekar likevel at politistudentar ikkje har lågt utdanna foreldre.

- Foreldra har om lag same utdanningsbakgrunn som foreldra til studentar som tek ein generell bachelorgrad, held han fram.

Handlingsorienterte
Undersøkinga byggjer mellom anna på kvalitative intervju med 30 studentar ved bachelorutdanninga på Politihøgskolen.

- Vi ville gjerne høyre studentane sine eigne grunngjevingar for kvifor dei ønskte å ta politiutdanning, fortel Winnæss. Han påpeikar at svara dei fekk om motivasjonen for og grunnen til å ta politiutdanninga, samsvarer med anna forsking som er gjort på området.

Funn i tidlegare forsking viser dessutan at studentane synast betre om praktisk arbeid enn teoretisk, noko som også kjem tydeleg fram i undersøkinga til Winnæss og Helland.

- Politistudentar er handlingsorienterte, vil skape eit betre samfunn og hjelpe folk som har problem, seier Winnæss.

Publisert: - Sist oppdatert: |