Hopp til innhold

Studentane er med på å utvikle utdanninga

To politistudentar som går
STUDENTEVALUERING: 436 studentar, 63 prosent, deltok i undersøkinga ved å fylle ut eit spørjeskjema.
Berre éin av ti har vurdert å slutte. Heile åtte av ti seier at dei ville ha teke studiet ein gong til. Meiningane om utdanninga er derimot delte. Det viser evalueringa frå avgangsstudentane ved Politihøgskolen våren 2014.

Studentevalueringane inngår som ein viktig del av det heilskaplege kvalitetsarbeidet ved høgskolen, som vert oppsummert årleg i ein eigen kvalitetsrapport. Rektor Nina Skarpenes er tydeleg på at både studentevalueringane og kvalitetsarbeidet er av stor verdi:

- Gjennom evalueringane dei gir, er studentane over tid med på å utvikle utdanninga. Vi skal utdanne politi for framtida, og det krev vilje og evne til å vidareutvikle faget og undervisninga. Vi har ei attraktiv utdanning med mange søkjarar. Bachelorutdanninga er krevjande, og vi må forvente at motiverte studentar i sin tur stiller høge krav til Politihøgskolen. Studentevalueringa understrekar dette.    

Ho viser til det omfattande arbeidet som vert gjort med å utvikle grunnutdanninga ved høgskolen.

- Politihøgskolen har vedteke ein ny rammeplan og nye fagplanar for heile bachelorstudiet, og har blant anna innført «Digitalt politiarbeid» som nytt og spennande emne. Vi har også starta opp eit pilotprosjekt for å kvalitetssikre og utvikle praksisåret, og ser heile tida etter rom for store og små forbetringar innanfor dei aktuelle rammene, seier Nina Skarpenes.

Lite dekning for stor misnøye    
I ein større fagartikkel i bladet Politiforum gir førsteamanuensis Silje Fekjær og førstelektor Kjersti Hove ved Politihøgskolen følgjande oppsummering av korleis studentane sjølve ser på utdanninga:

«Det er liten dekning for påstandene om at det store flertallet av studentene ved Politihøgskolen er svært misfornøyde med utdanningen generelt, og den operative opplæringen spesielt. Vår undersøkelse av årets avgangskull viser at mange opplever at utdanningen har gitt dem den kompetansen de har behov for. Samtidig viser resultatene at det er delte meninger innad blant studentene, og at et relativt stort mindretall opplever at de mangler viktig operativ kompetanse når de går ut fra PHS.»

436 studentar, 63 prosent, deltok i undersøkinga ved å fylle ut eit spørjeskjema. Dette er fleire enn tidlegare, og vert rekna som ein god svarprosent. 

Syn på våpenopplæring
I studentevalueringa for 2014 vert studentane sitt syn på våpenopplæring for første gong undersøkt eksplisitt. Bakgrunnen er mange medieoppslag basert på materiale som Politihøgskolen meiner manglar tilstrekkeleg kvalitet og representativitet. Studentrådet i Oslo og fagtilsette som driv med operativ opplæring i Stavern, hjelpte aktivt med å utforme spørsmål for å få eit best mogleg bilete.

Svara på denne delen av undersøkinga er samansette:

Skyting er det området der studentane i minst grad opplever å ha tileigna seg tilstrekkeleg kompetanse. Likevel har ein heller ikkje her noko eintydig svar: Gjennomsnittsstudenten har etter eiga utsegn opparbeidd seg skyteferdigheiter i litt meir enn ei viss grad (3,2 på ein skala frå 1 til 5).

Berre éin av ti opplever at dei i lita grad eller ikkje i det hele har tileigna seg tilstrekkeleg kompetanse til å delta i ulike politiaksjonar på nivå Innsatspersonell 4 (IP4). Over halvparten oppgir at dei i ei viss grad opplever å ha denne kompetansen, medan fire av ti opplever at dei i stor grad har tilstrekkeleg kompetanse.   

Simulatortreninga får topp skussmål - heile 90 prosent seier at dei har lært mykje av denne. 

Slik fordeler svara seg:

I hvor stor grad har du tilegnet deg tilstrekkelig kompetanse til å delta i ulike politiaksjoner og operasjoner på IP4-nivå? N=436.

1: ikke i det hele tatt, 9: i liten grad, 52: i noen grad, 35: i stor grad, 4: i svært stor grad

I evalueringa ser ein også på samanhengen mellom dei ulike faga, og mellom utdanninga og framtidig arbeid. Fekjær og Hove oppsummerer dette slik i fagartikkelen i Politiforum:  

«Diskusjonen om sammenhengen mellom utdanningen og praksis og hvordan man kan øke relevansen av utdanningen er ikke spesiell for Politihøgskolen. Vi finner den samme diskusjonen i de fleste profesjonsutdanningene. Sett fra studentenes synspunkt er det utvilsomt rom for forbedring av opplæringen ved PHS, spesielt innenfor de operative disiplinene. Samtidig ser vi at det ikke er grunnlag for medieoppslagene om at studentene ved PHS er allment misfornøyde med utdanningen generelt og den operative treningen spesielt».     

Last ned heile rapporten

Heile rapporten finns også i PIA

Publisert: - Sist oppdatert: |