Hopp til innhold

Læremeisteren utdannar framtidas politi

Portrettbilde av rektor ved Politihøgskolen, Nina Skarpenes
BETRE KJEND: Gjennom eit fem siders-intervju i Norsk Politi blir lesarane betre kjende med rektor Nina Skarpenes.
I denne utgåva av Norsk Politi blir rektor ved Politihøgskolen, Nina Skarpenes portretterte. Bladet lokkar med at ho er ein pedagog med ekstrem tru på læring, og har ein fortid i Sosialistisk Ungdom.

I ungdomstida si gjekk Nina Skarpenes i demonstrasjonstog, mens ho skreik og ropte «slogans». Ho ser framleis på demonstrasjonar som ein viktig del av ytringsfridomen og demokratiet.

- Vi snakkar med politistudentane om dette. Det er politiet si oppgåve å sikre retten til ytringsfridom, også når det er ytringar som ein ikkje identifiserer seg med sjølv, seier rektor til magasinet.

I intervjuet snakkar ho blant anna om kva framtidas polititenestemenn og -kvinner bør kunne, ulike kunnskapsformer og vegen frå lærarutdanning i Kristiansand til sjefsstolen ved Politihøgskolen.

Du kan lese heile intervjuet med Skarpenes på side 32 i Norsk Politi. Tema for årets fyrste nummer er etterforsking, og du kan blant anna lese om organiseringa av etterforskinga av Lime-saka, og kva POD gjer for å styrkje etterforskinga i etaten.

Publisert: - Sist oppdatert: |