Hopp til innhold

- Myhrer gjer fagstoff forståeleg og tilgjengeleg

Tor-Geir Myhrer og ass. rektor Tor Tanke Holm
BLEI OVERRASKA: Tor-Geir Myhrer mottok prisen av ass. rektor Tor Tanke Holm.
Formidlingsprisen 2015 ved Politihøgskolen blei torsdag 13. august gitt professor Tor-Geir Myhrer, på første dag av Forskningskonferansen ved høgskolen.

Tor-Geir Myhrer har i ei årrekkje markert seg med både stor breidd og fagleg tyngd, og tek i bruk mange forskjellige arenaer og kanalar i formidlinga si, og i mange ulike publikasjonar. Tema har eit spenn frå strafferett til polisiær verksemd, spørsmål om menneskerettar og til førebygging av terrorisme. Formidlingskanalane er mange og ulike; fagbøker, utgreiingar, artiklar, kronikkar, kommentarar, foredrag og forelesningar.

- Myhrer har ei eiga evne til å gjere fagstoff forståeleg og tilgjengeleg også for personar utan den same bakgrunn som seg sjølv, seier assisterande rektor ved Politihøgskolen, Tor Tanke Holm.

Juryen har vektlagt at Myhrer er ein viktig rådgivar og mentor for tilsette og ein dei ettertrakta og viktig deltakar og premissleverandør for høgskulen på høgt nivå i norsk samfunnsliv og forvalting. Alt dette har vore med på å synleggjere, utvikle og styrke Politihøgskolen.

- Han fremstår alltid godt førebudd, og formidlar alltid med stor fagleg autoritet, samtidig som det er ein «letthet» i forma. Han deltek også gjerne i den offentlege debatten, avsluttar Tanke Holm.

Publisert: - Sist oppdatert: |