Hopp til innhold

12 000 medarbeidarar kan no starte opplæring

Boka Norges lover
E-LÆRING TILGJENGELIG: Det nettbaserte kurset er tilgjengelig frå 5. august.
Nye straffelovsavgjerder tre i kraft 1. oktober. Politihøgskolen har laga opplæringa som består av eit nettbasert kurs med 13 modular. E-læring er tilgjengeleg frå onsdag 5. august.

12 000 medarbeidarar i politi- og lensmannsetaten må ta opplæringa. Opplæringa er obligatorisk for alle som bruker straffelova i den daglege yrkesutøvinga, og politidistriktet og særorganet sitt har ansvar for at medarbeidarar er kjende med den nye lova når den tre i kraft.

Politihøgskolen bidreg og med å dele informasjonen om korleis en tek opplæringa på nettsida phs.no som ein del av prosjektet.

Modulane består av ein opplæringsfilm, med same bodskap i ein tekstversjon. Opplæringa kan gjennomførast på PC, nettbrett eller mobil. Opplæringa bør takast på eit trådlaust nettverk eller Politinettet, grunna eventuelle avgifter til mobiloperatør ved nedlasting av innhald til mobiltelefon eller nettbrett.

Totalt tek kurset mellom tre og fire timar, men det er ikkje alle som må gjennom alt. Kvar modul blir avslutta med ein sjølvtest, der brukaren får testa eigne kunnskapar i etterkant av opplæringa. Testresultata vil ikkje bli bevara. I tillegg vil det vere eit videoopptak av Domstoladministrasjonen sitt seminar med høgsterettsdommar Magnus Matningsdal, med påtalejuristar som målgrupper. Seminaret ligg tilgjengeleg for dei som ønskjer å sjå dette.

For å få ei statistisk oversikt over medverknad, vil det vere ein påloggingsfunksjon før du startar. Du må då registrere eit personalia og arbeidstad/område. Dersom du tidlegare har vore registrert i DAFI, skal du nytte den gjeldande brukaren din. Sjå også rettleiing til pålogging.

Ta det nettbaserte kurset her

Spørsmål om opplæringa kan rettast til Politiets IKT tenester: tlf. 22 06 82 82

Lukke til!

Publisert: - Sist oppdatert: |