Hopp til innhold

Førebygging av kriminalitet - boklansering på PHS måndag 9. mars

NY MODELL: Tore Bjørgo har utvikla ein ny heilskapleg modell for førebygging av kriminalitet – basert på ni mekanismar.
Tore Bjørgo legg fram den nye boka si «Forebygging av kriminalitet» på Politihøgskolen måndag 9. mars. Forfattaren har utvikla ein ny heilskapleg modell for førebygging av kriminalitet – basert på ni mekanismar.

Bjørgo viser korleis modellen kan brukast på fem heilt forskjellige former for kriminalitet: Innbrot i bustad, kriminelle ungdomsgjengar, bilkøyring i rus, organisert kriminalitet - og terror.

Dei førebyggjande mekanismane er dei same, men verkemidla som blir kravde for å aktivere dei er ulike. Boka hevdar følgjande: Ingenting er så praktisk som ein god teori.

Boklansering open for alle - meld deg på

Lanseringa er open for alle interesserte, men dei som ønskjer å delta må melde seg på innan kl. 09.00 måndag 9. mars - meld deg på til .

Media som ønskjer å delta kan også kontakte pressevakt ved Politihøgskolen på e-post eller telefon 488 87 934.

Deltakarar og medier må kunne presentere ID, det vil bli inngangskontroll

Stad/tid: Politihøgskulen, Slemdalsveien 5, Majorstua i Oslo. Auditorium 2, ved biblioteket. Inngang, hovudinngang ved vakta.
Kl.: 13.00 - 15.00

Boka, som Universitetsforlaget gjev ut, kan kjøpast eller tingast på arrangementet.  

Oppretta ein kunnskapsbase

Tore Bjørgo har også oppretta ei side på nett på phs.no for deling av kunnskap og forsking rundt temaet.

Publisert: - Sist oppdatert: |