Hopp til innhold

«Nordisk politiforskning» godkjent som nivå 1-tidsskrift

Billete av forsida til
NIVÅ 1: Tidsskriftet presenterer ny kunnskap og forsking innan politiforsking, politivitskap og polisiær verksemd i dei nordiske landa.
Tidsskriftet «Nordisk politiforskning», som vert eigd av Politihøgskolen (PHS), er godkjent som nivå 1-tidsskrift i Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste (NSD) si oversikt over publiseringskanalar.

For at eit tidsskrift skal oppnå nivå 1, er det visse kriterium som må oppfyllast, blant anna skal tidsskriftet ha rutinar for fagfellevurdering, samt ha ein vitskapleg redaksjon. «Nordisk politiforskning» si nivåplassering gjeld frå 2014.

- Dette er ei fjør i hatten, og ein indikasjon på at «Nordisk politiforskning» held ei viss akademisk standard, seier redaktør og professor ved PHS, Pauls Larsson. Han trur at nivåplasseringa vil gjere tidsskriftet til ein attraktiv publiseringskanal for framtidige bidragsytarar.

- Vi håper dette fører til gode bidrag også i framtida, og at det gir eit lyft innan politiforsking vidare, fortset han.

«Nordisk politiforskning» sitt hovudformål er å medverke til utviklinga av fagfeltet politiforsking, samt spreiinga av relevant forsking innan akademia, blant praktikarar, leiarar, i utdanningssystemet, myndigheitene og media.

Tidsskriftet skal ha ei uavhengig kritisk rolle i fagutviklinga og tek sikte på å styrkje den akademiske kvaliteten til fagfeltet, samt publisere artiklar av praktikarar som utfører forsking på eige felt.

Les siste utgåve av «Nordisk politiforskning».

Publisert: - Sist oppdatert: |