Hopp til innhold

Ny master ved PHS: «Hva kan forklare veksten i bevæpningsordrer i politiet?»

Bilde av framsida på masteroppgåva.
FORDOBLA BEVÆPNING: I sin masteroppgåve har seniorrådgiver i Jan Erik Haugland funnet at kriminaliteten har gått ned, mens talet væpna oppdrag i politiet har fordobla seg.
I ei ny mastoppgåve har seniorrådgivar ved Justis- og beredskapsdepartementet Jan Erik Haugland sett på bevæpningsordre i politiet. Frå 2007 til 2013 er talet på bevæpningsordrer i politiet meir enn fordobla, medan kriminaliteten har gått ned.

- Det er ikkje godt trena, hardbarka og organiserte kriminelle politiet møter i væpna oppdrag, men sjuke og sårbare menneske med komplekse rus- og psykiatrilidingar. Mange av oppdraga omfatta utrykking til suicidalforsøk, assistanse til helsestellet eller inngrep overfor utagerande, psykisk sjuke og rusa menneske. Lågare behandlingskapasitet i helsestellet kan truleg forklare noko av auken, fortel Jan Erik Haugland.

Haugland har nærare 30 år i politiet, og i løpet av desse åra har han fått ei god oversikt over politiet si virksomheit. Fyrste halvparten av politikarrieren hans fann stad i operativ teneste, med ordens- og trafikkteneste. I denne perioden inngjekk fleire år som del av Utrykningseningane (UEH), blant anna som instruktør. Åra gav erfaring med politiet si operative trening og taktiske konsept.

- Det eg har funne ut i mastoppgåva mi,«Hva kan forklare veksten i bevæpningsordrer i politiet?», er at kriminaliteten har gått markant ned nasjonalt og internasjonalt, både i omfang og brutalitet. Samtidig så ser vi at talet væpna oppdrag i politiet har fordobla seg. Sjølv om kriminaliteten har gått ned har delar av kriminalitetsbiletet blitt vanskelegare å avdekkje og å etterforske. Dei nye formane for kriminalitet føresett likevel sjeldan væpna politiinnsats.

Endra risikoaksept
Oppgåva har funne indikasjonar på endra risikoaksept i politiet. Mens politiet tidlegare arbeidde utan vernevest og med minimalt utstyr, blir no verneutstyr og eit tungt belte bore med maktmiddel på hofta, kontinuerleg. Talet skader i politiet har fluktuert stabilt på lave nivå og heller ikkje skadestatistikken ser ut til å kunne forklare den endra risikoaksepten i politiet.

Hovudårsaka til veksten i bevæpningsordrer meiner Haugland kan forklarast med:

1. Revidert polititaktisk opplæring frå PHS si side kor kniv kan vere involvert. Då skal politiet i motsetning til tidlegare, medbringe skytevåpen.

2. Eit fråvær av intern kontroll og leiing med politiet si operative metodeutvikling og maktbruk.

3. Fleire oppdrag overfor ustabile personar med kombinerte rus- og psykiatrilidingar.

 

Publisert: - Sist oppdatert: |