Hopp til innhold

Politihøgskolen vil styrke samarbeidet i høgare utdanning

Studentar som les i ei bok
FÆRRE INSTITUSJONER: Regjeringen vil samle ressursene på færre, men sterke institusjoner. Illustrasjonsfoto
I starten av juni vedtok Stortinget strukturreforma i høgare utdanning. Strukturen i universitet- og høgskulelandskapet blir endra. PHS vil satse på utvida samarbeid med andre fagmiljø og utdanningsinstitusjonar.

- Dette er endringar som det har vore politisk aksept for i lengre tid, seier rektor ved Politihøgskolen (PHS) Nina Skarpenes.

- Reforma vil føre til større fagmiljø. Strukturen i høgskule-landskapet blir endra. I dag er PHS ein middels stor høgskule, men med dei store samanslåingane vil vi nok bli ein liten høgskule. Då må vi fortsetje å utvikle samarbeidet med andre fagmiljø og utdanningsinstitusjonar.

Færre og sterkare institusjonar
Hovudtrekka er at Regjeringen meiner det er nødvendig å endre strukturen i universitets- og høgskulesektoren og samle ressursane på færre, men sterkare institusjonar. I framtida vil Noreg ha langt færre enn dei 33 statlege universiteta og høgskulane som vi har i 2015.

Når det gjeld finansieringssystemet, vil regjeringa vidareføre hovudtrekka i dagens system med ein forholdsvis stor basiskomponent og resultatindikatorar på utvalde område. Den resultatbaserte delen skal auke over tid. Regjeringa vil leggje fram ein endra finansieringsmodell med tilhøyrande indikatorar i forslaget til statsbudsjett for 2016.

Publisert: - Sist oppdatert: |