Hopp til innhold

Ny arena for inkludering og mangfald

Akhtar Chaudhry foran porten til Politihøgskolen
FORTSATT ENGASJERE SEG: - Eg vil fortsatt være engasjert i at fleire med innvandrerbakgrunn skal søkje seg til politiutdanning, sier Akhtar Chaudhry.
Akhtar Chaudhry tek sitt engasjement for inkludering og mangfald over på ein ny arena. Men fortsatt gløder han for at fleire med innvandrarbakgrunn skal søkje politiutdanning.

Etter ein periode ved Politihøgskolen startar no Akhtar Chaudhry hos Integrerings- og mangfoldsdirektoratet, (IMDI).  

Ambassadør
Den mangeårige profilerte politikaren med fartstid både frå Oslo bystyre og Stortinget har og gjort «comeback» på det politiske området, no som medlem av den sentrale leiinga i SV. 

- Det har vært ein spanande og lærerik periode ved Politihøgskolen. Men når det no åpna seg ein mogelegheit for ei leiarstilling på full tid hos IMDI så var det vanskelig å si nei til det. Eg vil fortsatt være engasjert i at fleire med innvandrerbakgrunn skal søkje seg til politiutdanning, det er viktig både for politiet og innbyggjarane. Eg håpar eg har tilført noko, og er gjerne ein ambassadør for politiutdanning og i framtida, seier Akhtar Chaudhry.

Verdifullt
-
Vi skulle gjerne hatt med oss Akhtar vidare, men har forståing for at han nå vel som han gjer. Han har eit omfattande nettverk, og truverd inn mot miljø som vi gjerne vil ha enda betre kontakt med. Akhtar har vore eit friskt pust, og har utforda oss positivt på korleis vi kan arbeide for å få enda fleire med innvandrarbakgrunn til å søkje politiutdanning. Det skal vi etter beste evne ta vare på. Vi ønsker Akhtar til lukke vidare med eit særs viktig arbeid, seier Ann-Lisbeth Framaas, seksjonsleiar for Opptak og rekruttering ved Politihøgskolen.

Nye mål
I opptaket for 2014 nådde Politihøgskolen delmålet sitt om at fem prosent av dei som vart tekne opp til bachelorutdanninga skulle ha innvandrarbakgrunn. For opptaket 2015 vil høgskolen endre spørjemetoden, fra ikkje anonym, til ei anonym undersøkjing blant studentane som vert tekne opp. Det vil truleg gje eit enda riktigare bilete, og eit grunnlag for at Politihøgskolen kan setje nye mål for arbeidet på dette området.

Publisert: - Sist oppdatert: |