Hopp til innhold

Sterk auke i talet som tek fysiske testar

Ein søker som blir testa i lav bom for kvinner
OPPTAKSPRØVAR: 2206 vart kalla inn til dei fysiske opptaksprøvane. 2040 av desse igjen meldte seg opp til å gjennomføre testane.
Politihøgskolen hadde rekord i søkjertala til politiutdanning i 2015. Auken held seg i høve til kor mange som tek fysiske testar, som er starten på opptaksprøvane.

5107 søkte politiutdanning innan fristen 1. mars, det var nær 21 prosent fleire enn året før. 2603 sendte inn følgeskjema med all nødvendig dokumentasjon, og det er desse som då vert kalla reelle søkjarar. 2206 vart kalla inn til dei fysiske opptaksprøvane. 2040 av desse igjen meldte seg opp til å gjennomføre testane, det er 315 fleire enn i i 2014, ein auke på over 18 prosent.

Oversikt over søkjere til oppmeldte dei siste tre år

Aldri tidlegare har ein så stor del av søkjarane som sendte inn dokumentasjon til Politihøgskolen gått vidare til opptaksprøver. Det kan tyde på at søkjarane er betre kjent med opptakskrava når dei søkjer, noko som igjen gjev færre avslag i ein tidleg fase av handsaminga.

Dei fysiske testane og vurderinga av om den einskilde er egna vert no gjennomført i Oslo, Tromsø, Trondheim, Bergen og Kristiansand. Fysiske testar finn stad i løpet av vekene 20 - 24, til noko ulike tider. Vurdering av om søkjarane er egna skjer nokonlunde samstundnes med dei fysiske testane,  i  vekene 21 - 26. Her er det og nokre ulike tider på dei ulike stadene kor opptaket vert gjennomført.   

Endeleg svar rundt 20. juli
I juli vil Politihøgskolen ha eit tal med såkalla kvalifiserte søkjarar, og desse konkurrerer då om dei 720 studieplassane som skal fyllast opp før undervisninga tek til i haust. I 2014 var det 1061 som var kvalifisert. 

Søkjarar får endeleg svar gjennom nettsøknaden sin rundt 20. juli, som ein del av Samordna opptak.

Les meir om krava til opptak, og korleis du søkjer Politihøgskolen på phs.no.

Publisert: - Sist oppdatert: |